søndag 17. mars 2013

Treningskamp Ørsta - Vartdal

Resultat : Ørsta - Vartdal  Sæbø 4 - 2   ( 4 - 1 )



Kampen opna jamt og det vart skapt lite sjansar begge vegar. Noterte ein sjanse til kvart av laga etter ca 25 spelte minutt. Då gjekk det berre to minutt før det stod 1-0. Anders fekk dratt seg fri på 16 og sette ballen inne ved stolpen. Vartdal svarte 2 min seinare, då både stoppar og keeper klarerte i Vartdalvingen, som fekk ein enkel jobb å trille ballen i ope mål. Kampen opna seg no opp, Ørsta trilla ballen litt fortare og Vartdal klarte ikkje halde det tette presset lenger. Etter 37 min kom Ørsta rundt på høgre og innlegget vart flikka vidare til Anders, som sette inn 2-1. Fem min etter bytta dei roller, og Jan Marius sette inn 3-1. Minuttet før pause var Eskild frampå på ein corner og sette inn 4-1 etter ein duell med keeper. 4-1 til pause var godt betalt etter spel og sjansar.

Etter kvilen vart det jamnare igjen, og begge lag fekk meir plass framover på bana. Vartdal hadde etter timen spelt, eit gjennomløp på høgre med eit skot som Martin slo i stolpen. 10 min seinare hadde Ørsta frispark på 16-meteren, men Vartdal keeperen fekk slått skotet over. Vartdal fekk også frispark på 16-meteren kvarteret seinare, og dei sette ballen i mål nede ved stolpen. Fortjent nok etter spel og sjansar kampen sett under eitt.

Henta frå http://kxweb.no/portal/theme/team/news/show.do?id=9241551

Lage som starta for Vartdal :
Terje, Marius, Jarl, Petter Ove, Arthur, Agnar, Anders, Kenneth, Geir Arne, Steffen, Rolf-Audun. 
Benytta innbyttera : Allan, Frank, Jostein, Morten, Isak. 
Mangla : Aleksander, Frank, Leidulf, Dan Andre, Agnar, Terje, Håvard, Fredrik, Halvor, Jon Olav, Thomas.

Desse spelte for Ørsta :
Martin Liaskar, Tony Ristesund, Tord Are Rudi, Frode Følsvik (80. min: Henning Sandvik), Preben Olsen, Sjur Haug, Sindre Vinjevoll (65. min: David Tvergrov), Jørgen Winjevoll, Eskild Dagfinrud (68. min: Frank Ristesund), Jan Marius Brekke (68. min: Sigurd Nybø), Anders Molnes (89. min: Olav Magnus Hjelle)


Fakta:
Ørsta - Vartdal 4-2 (4-1)
27 min  1-0 Anders Molnes (Eskild Dagfinrud)
29 min  1-1 Steffen Roth
37 min  2-1 Anders Molnes (Jan Marius Brekke)
42 min  3-1 Jan Marius Brekke (Anders Molnes)
44 min  4-1 Eskild Dagfinrud (Sindre Vinjevoll)
85 min  4-2 Rolf Audun Vartdal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar