lørdag 23. mars 2013

Fredag og laurdag


Hei bloggen!
Dagen er komen for balkongprinsane, Musa, Pettelipz, Rofla, Aleks og Are, si bloggoppdatering.



Vi åpna dagen med ei god økt formasjonstrening for å finpolere forma inn mot den ekstremt viktige treningskampen mot eit knallgodt Skedsmo seinare på dagen. Andre halvdel av morgonøkta blei brukt til spel på diger bane. Ei god gjennomkøyring var dei fleste godt samde om, dog Steffen nok meinar at bror Marius sèt taklingene inn noko nærme gjerdet. Etter hamstring av D-vitaminar var det endeleg klart for den store kampen.


Eit til ei viss grad nykomponert lag med blant anna to raudhåringar på kvar sin kant, åpna kampen strålande med å tidleg ta ledelsen.


Eit innlegg havna til slutt ved Musa som sette ballen kontant i lengste kryss, eit mål østlendingane knapt har sett maken til tidlegare. Men så skjedde det diverse ting, og kampen enda til slutt 1-3 til laget frå aust.
Vidare vandra vi dei få meterane bort til Friends bar for å nyte landskamp, der hverken Joey, Chandler eller Ross var å oppdrive. Kampen var som vi alle venta ein nedtur på størrelse med kroppen til Nydahl, seier Are og humrar godt i skjegget.
Ein liten opptur kom dog heilt mot slutten då det var kylling Morten sin tur å få ein ufrivillig visitt i det pisskalde bassenget. Eksekutør; Super-Brandal.
Laurdagen kom som ei frelse i form av seinøkt på treningsfronten og ein sjangse for gutane å sove litt lenge. Grunna sletne bein, åpna vi med ei formasjonsøkt med avslutningstrening, der ein med tryggheit kan seie at stortsett ingen traff mål. Som straff måtte det tapande laget stå ræv som avslutning, der naturleg nok ingen ræver blei trufne. 





Ettersom tyske pensjonistar okkuperte tennisbanene, nøya vi oss med minigolf og soling(damekiking) i kviletida. Når det no lid mot kveld var den opprinnelege planen i nyte videoanalyse av gårsdagens treningskamp, men sidan Vidar-Johan har vist seg ute av stand til å fungere optimalt med redigeringa gjekk det til faens. Som plaster på såret vil det om kort tid bli arrangert den obligatoriske kyllingbadinga, og om alt går etter planen er det Steffen som stiller som offer idag.


Med desse velvalgte ord rundar vi av frå rom 321.
Hade bloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar