I fjor hadde Vartdal ei klar målsetjing om å kjempe i toppen av femtedivisjon, og rykkje opp. Det såg lenge lyst ut, og ei stund toppa også Vartdal tabellen. På hausten vart det litt for lite poeng samanlikna med Emblem og Stordal, og Vartdal måtte ta ein ny sesong i femtedivisjon. Kampen om opprykksplassane vert truleg like hard i år som i fjor, men Vartdal har fått tilbake nøkkelspelarar som nesten ikkje var å sjå i den blå drakta førre sesong.
– Vi var frykteleg bekymra då alle breva frå Ørsta kom, men slik situasjonen er no, ligg vi godt an, og det er god rekruttering av eigne spelarar. Onsdag reiser vi til Tyrkia med 28 personar der 24 av desse er spelarar, og då seier det seg sjølv at det bra med folk. Vi har teke opp juniorspelarar i a-stallen, i tillegg skal vi matche nokon gutespelarar forsiktig. Vi har mista m.a. Tony Ristesund, Martin Liaskar og Are Bjørgum, men vi har også fått tilbake Kenneth Holsæker og Jarl Vinjevoll som no er skadefrie etter at dei nesten ikkje spelte førre sesong, seier trenar Kenneth Nydahl.

 

– Ikkje same breidda som i fjor

Av spelarane som har forsvunne frå Vartdal er kanskje Martin Liaskar den som er vanskelegast å erstatte, men Vartdal er godt spent på målvaktsplassen.
– Vi skal ha med Thomas Gjerde til Tyrkia som tidlegare har stått i mål for Brattvåg og HaNo, i tillegg har vi Terje Fremmerlid Brandal og Allan Kjærbech i stallen som har vist fin utvikling. Førsteellevaren vår er minst like sterk som i fjor, men vi har ikkje breidda på same måte som i fjor. Det er ein del spelarar som har teke steg i rett retning, og ikkje minst er det spelarar som har gått i seg sjølv. Treningsoppmøtet har også vore betre enn tidlegare, seier Nydahl.

 

Optimistar

I år er også Aleksander Woldsund med for fullt på Vartdal, og Agnar Lid Hovden har også gjort comeback. I mai vil Vartdal også få ei forsterkning når Markus Dimmestøl vender heim frå Bergen.
– Det ser brukbart ut, og vi har grei grunn til å vere optimistar. Rolf-Audun Vartdal har skåra meir mål i treningskampane enn han gjorde i heile fjor, og det er ein del spelarar som har teke seg sjølv i nakken etter ein under pari sesong i fjor.

 

– Vil vere topp fire

Sjølv med optimisme på Vartdal, har ikkje laget ei målsetjing om opprykk denne sesongen.
– Vi ynskjer ikkje å vere noko dårlegare enn det vi har vore dei siste åra. Vi har ikkje ei målsetjing om opprykk, men det ligg i korta å vere topp fire i divisjonen, seier Nydahl.
– Korleis ser du på årets femtedivisjon?
– Sykkylven og Langevåg har kome ned frå fjerdedivisjon, og vil vere blant favorittane. Etter det Hovdebygda har prestert i år så har dei eit outsiderstempel. Elles så er det ekkelt å møte Åmdal, og det er ikkje spesielt enkle kampar i femtedivisjon i år.

 

I Tyrkia med Molde

Som dei to siste åra vender Vartdal nasen sørover rett før påske, og også i år er Tyrkia destinasjon. Vartdal har hatt ein grei forsesong ifølgje Nydahl, men vil nytte Tyrkia-opphaldet til terping.
– Vi har veksla mellom å trene i Hovdebygda og Ulsmohallen, i tillegg til at vi spelt to treningskampar i Sunnmørshallen. Vi kjem til å ta nokon skippertak i Tyrkia. Molde skal ligge på same hotell som oss så vi skal kike litt på dei, og kanskje får vi eit foredrag frå Ole Gunnar Solskjær.
Som tidlegare år har spelarane sjølve lagt ein stor innsats for Tyrkia-opphaldet, og trenaren rosar innsatsen.
– Eg må berre rose gjengen som jobbar dugnad og betaler turen hundre prosent sjølve av eiga lomme. Alle mann alle reiser for andre ret på rad, og det er berre å rose heile Vartdal-gjengen. Som vanleg er vår alles kjære «mor» Ann Katrin Hjorthaug med, og ho er mora til alle når er på tur, seier Nydahl.

http://www.morenytt.no/sport/article7279295.ece