søndag 24. mars 2013

Internkamp!


Hei bloggen!
I dag var dagen alle hadde venta på. Internkampen i Tyrkia skulle gå av stabelen:  -den viktigaste kampen å vinne i året. Etter fjorårets gledesscener og tapstårer var endelig sjansen for revansj komen. 2x30 min med Blodig alvor, høg prestisje og høg fallhøgde.


I år besto laga av desse:
Blått: Håvard, Nøre, Petter Ove, Are, Agnar, Anders, Geia, Markus, Joachim, Frank, Jon Olav, (Jan) Thomas. 

Kvitt: Terje, Morten, Arthur, Jarl, Marius, Steffen, Kenneth, Rolf Audun, Isak, Vidar J., Alex, Dan.

Laga kom til frukost. Diverse forsøk på forgiftning vart avverga, og det var ein fokusert gjeng som tok bussen til treningsfeltet. Laga skula på kvarandre, og oppvarminga til begge lag var kanskje betre enn vi nokon gong har hatt før ein seriekamp.
 Romkamerata, men bitre fienda under kampen!
Kvitt lag tok raskt føringa, og gjekk opp til både 1-0 og 2-0, før Blått hadde rukke å summa seg. Men dei slo tilbake, og stillinga til pause var 2-2. Ein underhaldande første omgong med store sjansar til begge lag, og det kunne raskt vore fleire mål til begge lag. Båe laga nytta pausa godt, men Kvitt lag hadde det lissje ekstra, som det raskt skulle vise seg. Blått lag hong ikkje med i det heile tatt, og vart til tider rundspelt. Kvitt gjekk opp til 3-2, men var kort tid i himmelen før Blått utligna. Spenninga var til å ta og føle på, og Nydahl såg helst at kampen ebba ut med uavgjort. Men nei: Kvitt lag hadde ei stjerne på høgrebacken, som fanga ballen på eigen halvdel, dribla først vekk midtbana til Blått, deretter forsvaret, og klinka ballen bak ein sjanselaus Håvard i det Blå målet. Fleire mål vart det ikkje, sjøl om Petter Ove prøvde seg på ei ganske håplaus filming som han ville ha straffe på.
Kvitt jubla, Markus e sure!
Sigeren var eit faktum, og ville jubelscener utspant seg på graset i Tyrkia. Ole Gunnar Solskjær og resten av Moldegjengen hadde ikkje sett makan, og Solskjær noterte flittig navna på dei kvite spelarane. Jan Otto får nok mykje telefonar og heftig kontakt frå Molde-apparatet i kveld.
We are the champions med Queen ljoma frå bussen på vei heim!
"Bra spællar han der Arthur, vi kjøpe han"
Mellom øktene hadde Petter Ove endeleg tatt mot til seg og gjekk bort og til og med sa noko, til nokre jenter som låg der. Jaggu spanderte ikkje han brus også! Rigmor, no e det håp!!! Ellers gjekk pausa med til soling, og den sedvanlige junior-hivinga i det kalde bassenget.
 
Juniorane henta drikke
 Juniorane henta drikke 2


Dagens andre økt var  rett og slett dritkjedelig, so her må han Nydahl skjerpe sej!
På kvelden såg vi video av internkampen, og det viste seg raskt at Blått kunne spart seg å møte opp, dei kvite var overlegne, rett og slett!
Vi avsluttar med nokre sitat:
”Nydahl, skal det Blå laget være tilskuara på ettermiddagsøkta også?”
”Nydahl, skal det være rolig økt den andre økta også?”
”Det blir BLÅmandag for det Blå laget imorga”
(Alle sitat Isak, som var på vinnarlaget)
”Kenneth, NO vil ej heim igjen. SERIØST!!”
(Isak etter å ha blitt tatt tunnell på for 12 gong på firkant)
”Ej stussakje på å takle NÅKEN. Å det gjelde DEJ me Jon Olav”
(Nok en gong; en småfrustrert Isak)

Dagens skøyer


”Ditte trukje ej på før ej ser det på video!!”
(Agnar etter Marius skåra)
”ehh..hmm..DU, kan ej få ta et bilde av dej?”
(Pete huskakje navnet på na Magne Hoseth, men bildet fekk han)
”Kjenne dåkke na Chimbawambuchkikukji?”
(Pete etter å ha snakka med na Chukwu)
”Nei, ej ska ha mej en sjokolade”
(Pete sitt mest brukte uttrykk her nede)
Vi takkar for oss, frå Rom 322, Arthur (vinnar), Kenneth (vinnar), Jarl (vinnar), Geia (tapar)!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar