mandag 25. mars 2013

Heia Bloggeeeeeeen!


 Dagen starta med ein nydelig frukost der samtlige møtte opp punktlig klokka halv åtte. Frukosten var god. Etter frukosten hadde alle ein og ein halv time på å stelle seg og gjere seg klar til dagens første treningsøkt. Det var formasjonstrening og innlegstrening på agendaen. 

Etter første økt var det enkelte som tok seg ein taxi-tur inn i Sidé by (gamlebyen).





Det var Agnar, Nydahl, Elin, Morten, Jarl, Dan, Vidar og Anders som tok turen. Dei starta med å finne seg ein restaurant då ein ikkje kan gå på shopping utan mat i ventrikkelen. Det var mykje "jalla-shapper" og alle hadde forsjellige prisar på akkurat samme varene og maten. Dei valte ein "fin" restaurant som viste seg å vere Gamlebyens dyraste. Dei bestilte mat og venta i spenning, men då kebaben alle hadde venta på endelig køm, viste seg å vere ein gryterett til 300 kr pr pers. 

Meanwhile: Dei andre var på hotellet og kosa seg med sola og brus. Majoriteten av fotball-laget er nå (ut)brent av sola. Som vanleg. Seinare på ettermiddagen var det klart for dagens andre ykt! Sjefen sjøl (Nydahl) bestemte at laget idag skulle gå heile vegen frå hotellet til treningsfeltet som er omlag 5 000 000 mikroskopiskemillimeter (mmm) som oppvarming. Dette gidde eit godt resultat.



Denne treninga skulle vi spele 3-lags (ei fotballkonkuranse som består av 3 lag, som konkurrerer) Det sto mellom rosa, grønt og kvitt lag, det var rosa som trakk det lengste strået. Gratulerer til Agnar JR, Terje double T, Are Volda BJørgum, Musa, Andebersj, Sandalen og (Nagle)Rothen.

Dette vart fort oppdaga av sjølvaste Ole Gunnar Solskjær. Han sendte øyeblikkelig ut 3 speidarar fra Molde som hadde i oppdrag å speide etter store talent på Vartdal-laget. Molde-gutta uttrykte stor begeistring og glede for det rosa laget! Etter tre-lags ykta var gjennomført, såg vi første omgong av Molde sin treningskamp mot Aserbajdsjan U-21 - Molde leda kampen 1-0 til pause, då hadde vi nødt til å forlate fordi bussen vår forlot.


PS: Arthur spelte også litt fotball med Magne Hoseth. Hoseth utrykte stor begeistring. 



Dagen gjekk roleg føre seg og alle hadde det bra, seinare på kvelden, klokka åtte, for å vere eksakt, var det tid for ein enkel quiz a-la Vidar Problop. Det var 30 spm innanfor varierte tema og quizen endte faktisk uavgjort mellom to lag. 

Med det seier eg takk for oppmerksoheten, xoxo fra tre kjekke karar fra Norge. 


MVH

Isak N V Juliebø

Agnar L Hovden

Terje F Brandal

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar