torsdag 21. mars 2013

I kjænne mæ igjenn!!

Så har vi endeleg kome til Tyrkia igjen! Reisa ned gjekk relativt greit med fly frå Vigra onsdagskvelden.


Vi mellomlanda, til stor glede, på Flesland for å ta med sjølvaste Markus ''Musa'' Dimmestøl og eit damelag, til enda større glede, frå Bergensområdet.
                                           Aleksander og Markus klar før treningsleir

Vi ankom Antalya ca kl. 0309 lokal tid, og deretter ein times busstur til Club Grand Aqua i Colákli (det står vertfall det på taxiane), Sidè.
                                           Klar før trening etter få tima med søvn.

Første treninga gjekk litt trått, etter tre-fire timar søvn, der bl.a Agnar og Terje rett og slett ikkje dukka opp. Vi starta med firkant i kjent stil, fortsatte med litt fotballtennis og avslutta med å bruke eit kvarter-20 min (!) på å treffe tverrliggaren (bortsett frå Jarl, Morten og Frank som ikkje fekk det til...). Tida mellom øktene vart godt brukte til å speide etter Moldespelarane (og utforske terrenget for nokon av oss ugifte) på solsenga.
                                                    


Den andre treninga starta med at unnasluntrarane Terje og Agnar måtte gå til baneanlegget (med ekteparet Nydahl som guider) og fortsatte med teknikktrening og ein solid trelags. Der det grøne laget vann, KLART, med Rolf-Audun, Anders, Håvard, Jon Olav, Joachim, Nøre, Hols og Aleksander.


Thomas
Håvard
Petter Ove
   Dag 1 : Solbrende på skuldrane, men det er vell normalt når det er blå himmel og 25 grade i sola :) :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar