torsdag 3. mai 2012

Hasundgot - Vartdal

Vartdal hadde full kontroll på kampen, og pruduserte mange halvsjanser og store sjanser. Etter eit flott angrep fekk Jarl eit innlegg som han sette kontrollert i mål, og Vartdal var i leiinga med 1 - 0.


Det Vartdal viste etter leiarmålet var ikkje altfor høg stander. Hasundgot kom tilbake i kampen, og utlikna etter ei dårlig klarering i Vartdal-forsvaret. Ikkje lenge etter var det dårlig press på ballføfar, og på innlegg sov Vartdal-spelarane medan Hasundgot hadde snudd kampen.

I pausa vart Vartdal einige om å gå ut på bana og ta kontroll over kampen igjen. Dette skjedde ikkje frå starten. Laget vart upresise i pasningsspelet, hadde unødvendige balltap og jobba ikkje kollektivt saman. Utover i omgangen losna det litt for Vartdal, men Hasundgot var ikkje ferdige med å skåre.
Heimelaget vart slitne utover i omgangen, og dette utnytta eit godt trent Vartdal-lag. Marius kom på overlapp frå backposisjon, og slo eit hardt innlegg til Nils Petter. Han avslutta angrepet med å stupheade ballen i vinkelen. Vartdal fekk blod på tann etter reduseringa, og la om til tre spissa og tre i forsvar. To minutt på overtid fekk Vartdal betalt for den offensive satsinga. Nils Petter vann igjen ballen på seksten meter, og sette ballen i mål. Vartdal pressa på for å få sigermålet, men det vart uavgjort mellom laga 3 - 3.

Lage som starta: Martin, Thomas, Arthur, Petter Ove, Are, Anders, Vetle, Geir Arne, Tony, Rolf-Audun, Jarl
Benytta innbyttera : Nils Petter, Marius, Dan, Frank, Vidar Johan
Ute med skade : Frank, Stian, Leidulf, Kenneth, Terje



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar