torsdag 10. mai 2012

Vartdal - Hovdebygda/Volda 2

Det vart ein livleg start på kampen der Vartdal spelte seg til fleire sjansar.


Fem minutt ut i kampen fant Tony, Rolf-Audun i feltet. Tony vart felt av målvakta, og det vart dømt straffespark. Tony var sikker frå straffemerket, og sende heimelage i føringa. Etter skåringa jamna kampen seg ut, utan at dei store sjansane vart skapt. Resultate til pause var 1 - 0.

Etter ti minutt ut i andre omgan fekk Hovdebygda/Volda 2 straffe, etter at ein Vartdalspelar kom bort i ballen med handa på dødlina. Jonathan Jacobsen sette ballen i mål, og utlikna til 1- 1.
Det skulde ikkje ta altfor lang tid før heimelaget var tilbake i føringa. Vartdal kom seg rundt på kant, og i feltet stupheada Nils Petter inn 2 - 1. Heimelaget skapte nokon halvsjansar i resten av omgangen, men det vart mykje nesten. Hovdebygda/Volda 2 var ikkje ufarlege, og hadde ein stor sjanse til å utlikne heilt på tampen av kampen, men det var Vartdal som tok med seg tre poeng frå Remen.


Nils Petter og Tony   

                                            
Lage som starta :
Martin, Marius, Petter Ove, Arthur, Frank, Vetle, Are, Rolf-Audun, Geir Arne, Nils Petter, Tony
Benytta innbyttera : Anders, Thomas, Steffen
Benk : Frank, Dan, Vidar Johan
Ute med skade : Kenneth, Leidulf, Terje, Stian, Jarl

Neste kamp er borte mot Emblem tirsdag 15 mai. kl. 18.30


2 kommentarer: