torsdag 31. mai 2012

Vartdal - Åheim

Det vart både skåringsrekord og den største sigeren i ein seriekamp då Åheim vitja Vartdal på Remen torsdag kveld. Ti mål i andre omgang førte til at Vartdal-spelarane kunne smile ekstra breitt etter kampen med resultatet 14–2.
 
Tre minutt ut i første omgang kasta Arthur  langt inn i feltet. Geir Arne fekk stussa ballen, og han trilla inn til 1–0. Heimelaget var aggressive i starten av kampen, og Åheim sleit med å få til noko spel. Eit kvarter ut i omgangen avanserte Nils Petter, og skaut frå seksten meter. Treffet på ballen var ikkje godt, men likevel trilla ballen i mål og 2–0. Nokre minutt seinare sette Rolf-Audun  fart på høgresida. På bakarste stolpe venta Nils Petter, og han skåra sitt andre mål for dagen.

Åheim slo tilbake to minutt seinare då Andre Pedersen vart spelt gjennom, og han sette inn reduseringa. Fem minutt seinare vart same mann spelt gjennom, og sette kontrollert inn 2-3. Då var det kamp igjen. Med eit kvarter igjen av omgangen jobba Arthur ballen oppover i bana og fann Dan Andre. Han nytta  farta si til å kome seg gjennom feltet, og på bakarste stolpe venta Nils Petter. Han ordna 4–2. Heimelaget skapte fleire store sjansar i første omgang, og Rolf-Audun burde ha hatt to skåringar før pause. Vartdal kontrollerte resten av omgangen, og gjekk til pause med ei tomålsleiing.


Det skulle ikkje ta lang tid i andre omgang før målfesten var i gang. Etter fire minutt utnytta Dan Andre ein forsvarsfeil, sende ballen til Nils Petter som sette inn sitt fjerde for dagen. Minuttet etterpå sette Rolf-Audun fart inn i feltet, og ballen enda til slutt hos Frank som banka han i mål frå 17 meter. Etter 53 minutt pressa Vartdal godt, og vann ballen i gunstig posisjon. Ballen vart spelt til Rolf-Audun som kontrollert sette inn sitt første for dagen. Sju minutt seinare sette Nils Petter fart på venstresida og la eit godt innlegg. I feltet stod Rolf-Audun heilt umarkert og nikka inn 8–2. Etter 70 minutt spelte Rolf-Audun gjennom Thomas, som aleine med målvakta ordna 9–2.

Bortelaget gjekk totalt i oppløysing utover i omgangen, og dette førte til stor boltreplass for angrepsrekkja til Vartdal. Nils Petter nytta farta si etter 78 minutt, og sette inn 10–2. Minuttet seinare jobba Rolf-Audun  til seg ballen, fann Nils Petter i feltet og 11–2. Minuttet etter der igjen la Nils Petter eit innlegg som gjekk i ein forsvarsspelar til Åheim, og i mål. Trenar Kenneth Nydahl gjorde mange bytte utover i omgangen, men Vartdal heldt fram med å skape sjansar og dominere banespelet. Fem minutt før slutt fekk Anders ballen på 16 meter, og ordna 13–2 med eit langskot. Steffen fekk æra av å avslutte skåringsballet med sitt første seniormål like før slutt. Det vart kjemping i feltet etter eit frispark. Ballen landa i beina på Steffen som banka inn 14–2 frå eit par meter. Både Vartdal og Åheim fekk kvar sine mål annullerte for offside i løpet av andre omgang.

  Steffen, Geir Arne, Rolf-Audun, Anders, Nils Petter, Thomas, Frank    
 
Lage som starta :
Martin, Frank, Petter Ove, Arthur, Are, Geir Arne, Vetle, Rolf-Audun, Tony, Nils Petter, Dan Andre
Benytta innbyttera : Thoams, Marius, Anders, Steffen, Morten, Jostein
Benk : Jarl, Terje 
Neste kamp er borte mot Bergsøy 2 onsdag 6. juni kl. 18.30

1 kommentar:

  1. Hei,

    Regner dere at Nils Petter Sæther scoret seks eller syv mål i kampen mot Åheim? Ser Stordal.nu skriver seks mål og et selvmål...

    SvarSlett