lørdag 28. april 2012

Sesongstart

Vartdal stiller i år med ein stor og brei stall der ein både har erfarne spelarar og lokale talent å velje av. Laget har eit mål om å vere med i toppen av femte divisjon. Allereide før sesongen i fjord vart avslutta hadde Vartdal sikra seg fleire forsterkningar.
Av spelarar utanfrå er Are Bjørgum, Frank Gjerde og Vetle Gjeilo nye av året, og fleire unge lokale spelara bankar også på døra til a-laget. I ei veke før påske var Vartdal på treningsleir i Tyrkia der dei fekk trent godt, og spelt to treningskampar. Laget var også med i Hareid Group vintercup, i tillegg til fleire treningskamper mot lokale motstand. Forutan små sjukdomsperioder så har sesongenoppkøyringa vore god. På treningane har vi hatt eitt snitt på atten mann, og det er god konkurranse på plassane på laget. Tre av splarane har vore med på eit kondisjonsprosjekt i regi av Hørskulen i Volda, og testane som er gjort der viser at to va dei har eit oksygenopptak på line med eliteseriespelara.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar