tirsdag 15. mai 2012

Emblem - Vartdal

Vartdal møtte opprykksfavoritten Emblem på bortebane tysdag. Vartdal  hadde ei tremålsleiing ei stykke ut i andre omgang, men heimelaget kom tilbake og utlikna tre minutt på overtid.

Kampen var ikkje gammal då Nils Petter  fann Dan Andre på hjørnet av sekstenmeteren. Han dribla av ein forsvarar, og sette kontrollert inn 1–0 for Vartdal. Vartdal hadde eit bra tak på kampen etter skåringa, og Emblem klarte ikkje å kome dei store sjansane. Utlikning vart det likevel då Vartdal-forsvaret vart ståande å sjå på ballen, og Tom Erik Olsbø heada ballen upressa i mål. Vartdal heva seg igjen etter målet, og Dan Andre skåra sitt andre for dagen etter eit soloraid av Nils Petter.
Ikkje lenge etterpå var duoen frampå igjen. Nils Petter slo ei diagonalpasning til Dan Andre som nytta farta si. Med eit forsprang på femten meter til Emblem-forsvaret, var han sikker aleine med målvakt og 3–1 til Vartdal. Dette var også stillinga til pause.

Midtstoppar Petter Ove måtte gå av bana i pause etter å ha heada i bakhovudet på ein Emblem-spelar. Are  spelte difor midtstoppar i andre omgang, og løyste oppgåva godt.


Fem minutt ut i omgangen slo Marius eit godt frispark inn i feltet. Arthur vann duellen i feltet, og 4–1 til Vartdal.Heimelaget var ikkje nøgde med resultatet, og la om til tre mann i forsvar og satsa offensivt resten av omgangen. Etter eit Vartdal-frispark kontra Emblem, og med fire mot to reduserte dei til 4–2. Rett etterpå hadde Rolf-Audun  ein stor sjanse til skåre Vartdal sitt femte for dagen, men avslutninga gjekk utanfor. Vartdal heva skuldrene sine litt, medan Emblem flytta opp folk og satsa på duellkrafta i boksen. Taktikken fungerte for heimelaget som reduserte nok ein gang. Vartdal hadde nok ein stor sjanse med Andersl og Nils Petter like etter skåring, men ei upresis pasning gjorde at det vart 5-meter i staden for mål. Heimelaget fekk corner tre minutt på overtid, og med Vartdal vart ståande å sjå på ball utlikna Emblem. Dermed vart det eitt poeng til begge lag, og Emblem ligg framleis på topp i femte divisjon.



Lage som starta :
Martin, Marius, Petter Ove, Arthur, Are, Vetle, Geir Arne, Tony, Rolf-Audun, Nils Petter, Dan Andre
Benytta innbyttera : Frank, Anders, Steffen
Benk : Thomas, Vidar Johan




 Dan Andre scora dei 3 første måla
Arthur scora mål nr 4

Neste kamp er torsdag 24 mai på Remen mot Vigra kl. 18.30

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar