fredag 25. mai 2012

Vartdal - Vigra

Vartdal viste seg frå si beste side i store delar av første omgang mot Vigra torsdag.


Vartdal opna kampen best på ei nyklippa grasbane, og hadde mest ball. Bortelaget vart pressa til enkle feil, og var nesten ikkje over midten det første kvarteret av kampen. Etter ti minutt var Dan Andre nære ved å sende heimelaget i føring, men forsvaret til Vigra fekk avklart til hjørnespark. Det tok Tony, og slo ballen lågt inn mot første stolpe. Der kom Vetle på løp, og sette inn 1–0. I det neste angrepet vart Nils Petter takla i feltet, og straffespark til Vartdal. Tony tok straffa, men ballen gjekk over mål. Utover i omgangen kom Vigra litt meir med i kampen, men avslutningane frå 25–30 meter truga ikkje Martin i Vartdal-målet. Vartdal pressa godt kollektivt, og hadde god samhandling i laget i første omgang. Dette frustrerte Vigra-spelarane, og utover i omgangen gav det også teljande resultat. Rolf-Audun spelte flott gjennom Tony som enkelt ordna 2–0 etter 25 minutt. Eit par minutt seinare jobba Nils Petter godt på sin venstrekant, og fann ein umarkert Rolf-Audun i feltet og 3–0 til heimelaget.
Med fem minutt igjen til pause slo midtstoppar Are ballen opp i feltet. Vigra-målvakta hadde ikkje kontroll på oppspelet, som gjekk over målvakta og i mål frå midtstreken. Det siste som skjedde i første omgang vart at Nils Petter vart kroppstakla ved dødlina, og nytt straffespark til Vartdal. Rolf-Audun tok dette, og sette inn sitt andre for kampen. Heimelaget var gode i første omgang, og spelte ut eit Vigra-lag som vart meir og meir frustrerte. Vartdal kunne dermed gå til pause med ei velfortent 5–0 leiing.

I andre omgang var ikkje intensiteten og samhandlinga i Vartdal-laget så god som i første omgang. Likevel skapte laget sjansar, og fem minutt ut i omgangen auka Vartdal leiinga. Tony spelte gjennom Rolf-Audun på høgresida, og han fann ein umarkert Nils Petter i feltet som banka inn 6–0. Om det var temperaturen eller den komfortable leiinga som skal ta skulda for at heimelaget byrja å rote litt etter skåringa er ikkje godt å seie. Det vart gjort fleire enkle feil utover i omgangen, men sigeren var aldri truga. Ti minutt ut i omgangen reduserte Idar Molnes før Vigra på ei heading etter eit frispark. Bortelaget klarte ikkje å skape dei store sjansane utover i omgangen.

Jostein Bjørlykhaug (15) fekk sin debut på a-laget, og gjorde eit godt innhopp. Han fekk også to store sjansar, men Vigra-målvakta stod i vegen begge gongene.

Lage som starta :
Martin, Thomas, Petter Ove, Are, Frank, Geir Arne, Vetle, Nils Petter, Tony, Rolf-Audun, Dan Andre
Benytta innbyttera : Steffen, Vidar Johan, Anders, Jostein, Leidulf
Benk : Marius, Terje
                                           Are, Vetle, Nils Petter, Rolf-Audun, Tony


Kommande torsdag er det klart for ny heimekamp når Åheim gjestar Remen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar