tirsdag 15. april 2014

Mandag 14. april

Dagen starta med ein god frukost klokka ni, det spesielle med denne dagen var at det ikkje var tidlegtrening. Nei, for denne morgonen her skulle vi vere klare og opplagde til kampen mot Eigar (fotballag frå Stavanger, 3 divisjon) som skulle spelast klokka tre på ettermiddagen. I staden for fotballtrening skulle vi ha ei artig og samlande økt med volleyball nede på den fine sandatranda vi har til bruks her i området. Volleyballen fauk både hit og dit og forsjellige lag både vann og tapte. Dei to rakkarane Isak og Steffen hadde ein time med tyrkisk bad og spa, og hadde dermed nødt til å forlate volleyballøkta ein halvtimes tid før slutt. Uansett; artig var det!

Etter både volleyball, tyrkisk bad og anna var ferdig, var det dags for litt lunch, før kampen mot Eiger skulle spelast.

Kampen mot Eiger:
Startoppstilling Vartdal: Håvard (BB), Nøre, Arthur, Frank, Anders, Rolf-Audun, Erling, Geia, Morten (Isak kom inn), Steffen (Fredrik kom inn), Aleksander (Jostein kom inn)
Sjølv om vi mangla nokre spelara (skader, ikkje med til Tyrkia, osv) stilte Vartdal sterkt til kamp, men så blei Petter Ove (Pete) skada i oppvarminga og det nokre uforutsette endringar i laget. Førsteomgongen var OK gjennomført, sett med Vartdalauge. 1-0 til Eiger etter halvspelt tid. Den andre omgongen var det mindre lyspunkt når sluttresultatet til slutt vart 5-0 siger til eit sterkt Eiger-lag. Yngstemann (Håvard OverRÅ Sætre) var også Vartdals beste spelar når dommaren bles i fløyta ved kampslutt.

Resten av kvelden gjekk til avslapping og kos før den siste skikkelige dagen her i Tyrkia. Verdens deiligaste fotballag har hittil hatt ei fantastisk veke i Tyrkia med mykje sol, fotball, mat og GODT samhold!

Takk for oss på rom 302! Kos, klem og anna <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar