søndag 13. april 2014

Reisa og torsdag

Hei blogeeen!


På onsdag ettermiddag, den 9. april 2014 vendte verdens deiligaste fotball-lag nasa sydover til varmare strøk. Minibussturen til flyplassen var prega av sveitte, dårleg humor(på høgt nivå) og trange vilkår. Takk gud for at vi har slike som Morten. Ankomst Vigra flyplass vart vi møtt av ein hord av jenter som høvar seg godt til slike som Steffen.




Flyturen inneheld alt frå sovande, slitne og vinglande personar. Om det var på grunn av turbulens, tynn luft, dårlig ande eller andre faktorar må gudane vite.
På flyet var Herd damer, Kil/Hemmne, Stryn dame, Volda a-lag og Eigner. Flyet kom frå Stavanger til Ålesund og så vidare til Antalya.



Etter fire timar, som for nokre vart ganske utmattande, landa vi Antalya, Tyrkia, klokka 4 ish om natta/morgonen. Vi merka raskt at denne flyplassen ikkje egna seg for ein gjeng ihelsvoltne Vartdalingar/Lomværingar. Pringles vart redninga for mange av oss. Heldigvis var det god mat å få når vi kom fram til hotellet, etter ein ellers roleg busstur.
Mat var innhalert på alle moglege måtar, og samtlege Vartdalspelarar/støtteapparat/fans la seg nok deretter til å sove med ein solid porsjon mat i magesekken.

Torsdag

Vi fikk sove til kl. 12.00 og møtes til lunsj kl. 12.30. Nokre sola seg og andre såg seg om.








Vi hadde berre ei økt om etterniddagen. Den va rolig og alle var med. Om kvelden slappa vi av.

To be continued...
Frank x2 og Erling rom 312

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar