mandag 14. april 2014

Laurdag 12.april

Hei bloggen.
Idag stod vi opp til nok ein dag med strålande vær. Vi var alle litt spent i kroppen, sidan det idag var dagen då den prestisjefylte internkampen skulde spelast. Kampen seinare på dagen ville avgjere kven som kunne gå med heva hovud resten av oppholdet. 

Første økta spelte vi fotballtennis. Ei økt prega av høg temperatur og mykje kontroversielle dommaravgjersle. Trenarane blei beskulda for å ta parti, og reglar måtte endrast undervegs.  Men opp i all galskapen var det mykje latter.

Timane før andre økt flokka troppen seg i tre grupperingar. Det blå laget, det kvite laget og dei som prøvde å halde seg nøytrale. Vi diskuterte korleis vi skulle knekke det andre laget. Formasjon og startoppstilling var ei heitt tema.

Kampen i seg sjølv blei ikkje det heilt store dramaet som enkelte hadde sett føre seg. Det blå laget vann ein knusande 6-1 siger. Første minutta var jamne, med eit marginalt kvitt overtak. Men etter at det blå laget fekk den første utløysande skåringa gjekk det kvite laget i oppløysing. Stillinga til pause var 6-0. 
I andre omgang heve det kvitelaget seg og pressa på for å pynte på resultatet. Dei klarte ikkje å få ballen i trålpåsen før heilt på slutten, og kampen enda dermed 6-1. 
Dei første timane etter kampslutt måtte det kvite laget tåle mykje dritslenging og hovering. Men det høyrer med etter eit slikt nederlag, og dei fleste tok det med eit smil. 
Vinnarlaget bestod av: Rolf, Pete, Terje, Isak(c), Nøre, Geia, Fredrik og Steffen Ronaldo.


Resten av dagen gjekk med til soling, juniorkasting og restitusjon.

Vi takkar for oss her på rom 321

Sportsleg helsing frå
Aleks, Pete, Rolf og Anders.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar