lørdag 28. september 2013

Langevåg - Vartdal

Vartdal trengde poeng borte mot Langevåg torsdag for å halde liv i opprykksdraumen. Kampen enda uavgjort, 1-1, og Vartdal er avhengig av eit FK Sykkylven-tap for å kunne ta den andre opprykksplassen.

Langevåg borte har vore ei tøff oppgåve for alle lag i femtedivisjon denne sesongen. På heimebane stod laget med sju strake sigrar før møtet med Vartdal, og laget var utan tap på femten kampar. Vartdal på si side trengde poeng for å halde følgje med FK Sykkylven, men mangla fleire av sine sentrale spelarar til kampen.

Likevel opna gjestene frisk. Tidleg i kampen fekk Dan Andrè annullert eit mål, noko som både Dan Andre og Vartdal meiner var feilaktig. Etter opninga tok vertane meir og meir over. Langevåg hadde mykje av banespelet, men klarte å ikkje skape dei største sjanse. Då det var spelt 19 minutt fekk heimelaget utteljing. Etter eit hjørnespark vart ballen stussa på bakarste stolpe, der stod Daniel Grande og styrte Langevåg i føringa. Heimelaget heldt fram med å ha mykje ball etter skåringa, men ingen av laga spelte seg fram til dei store sjansane før dommaren blåste av førsteomgang.

Vartdal-benken fekk oppdateringar frå FK Sykkylven, og visste at opprykksrivalen var i leiinga 2–0 til pause.

Gjestene gjekk på bana i andreomgang med ei meir offensiv innstilling, og dette gav resultat med fleire brot og mykje halvsjansar. Med eit kvarter igjen av kampen vart Steffen takla innanfor 16-meteren, og straffespark til Vartdal. Erling var trygg frå straffemerket, og laga var like langt. Bortelaget la om til tre forsvarar, og jakta det avgjerande målet. Dette resulterte i mykje hawaii-fotball. Vartdal hadde eit skot i tverrliggjaren, medan Langevåg fekk overgangar. Då dommaren blåste av kampen var resultatet framleis 1-1, og dermed vart det eitt poeng til begge lag. Vartdal vart også det første laget som tok poeng borte mot Langevåg denne sesongen.







Lage som starta mot Langevåg :

Thomas, Marius, Thomas, Arthur, Frank R, Erling, Kenneth, Steffen, Dan Andre, Kristoffer, Frank 

Benytta inbyttera : Jostein

Benk : Leidulf, Vidar Johan, Terje

Mangla : Petter Ove, Geir Arne, Rolf-Audun, Jarl

Netse kamp er lokaloppgjere borte mot Åmdal på Legene laurdag 5. oktober kl. 13.00

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar