søndag 8. september 2013

Vartdal - Hovdebygda

Vartdal vann 2-1 over Hovdebygda i eit svært tett oppgjer på Remen laurdag. Gjestene HIL leia 1-0 til pause.


Både Vartdal og Hovdebygda jakta tre poeng då laga møttest til kamp på Remen. Heimelaget ville halde følgje med Sykkylven, og innta andreplassen på tabellen i femtedivisjon med siger.

På overtid på Remen fekk Erling kriga inn Vartdal sitt andre mål, og avgjorde lokaloppgjeret mot Hovdebygda som enda med 2-1 til vertane.

Ingen av laga klarte å skape dei store sjansane. 21 minutt ut i omgangen kontra gjestene etter eit Vartdal-hjørnespark. Terje Skrede spelte gjennom Kjetil Kalvatn som sendte Hovdebygda i føringa. Kampbiletet endra seg ikkje etter skåringa, og begge lag var litt for unøyaktige i det offensive spelet. Dermed var det Hovdebygda som var i føringa til pause.

I andreomgang var det bortelaget som først var nær skåring. Kalvatn fekk avslutta og ballen trilla mot ope mål, men vart stoppa av Petter Ove. HIL-spelarane protesterte og meinte av ballen var inne, men dommaren let spelet gå.
Utover i omgangen festa Vartdal grepet om kampen, og jaga utlikning. Tjue minutt ut i omgangen fekk Anders ein stor sjanse, men avslutninga gjekk i nettveggen.
Vartdal la om til tre mann i forsvar, og satsa offensivt. Både Erling og Vartdal kom til gode avslutningar utan at det vart mål. Med fem minutt igjen av ordinær tid gav presset resultat. Eit oppspel gjekk gjennom feltet, og det var ein duell mellom Petter Ove og målvakt Marius Lerberg. Petter Ove fekk kontroll over ballen, og sette inn utlikninga.
Gjestene fekk to hjørnespark på tampen av kampen som gav heimelaget problem. På overtid vart kampen avgjort då Erling fekk krangla ballen i mål. Dommaren bles av kampen like etter avspark, og Vartdal-spelarane kunne sleppe jubelen laus.








Lage som starta mot Hovdebygda :
Thomas, Thomas, Petter Ove, Arthur, Frank R, Geir Arne, Anders, Erling, Steffen, Dan Andre, Kristoffer

Benytta innbyttera :
Jostein, Marius

Neste kamp er borte mot Sykkylven torsdag 12. september kl. 18.30

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar