fredag 20. september 2013

Vartdal - Åheim

Vartdal var store favorittar heime mot botnlaget Åheim torsdag. Vertane hadde full kontroll på kampen, og vann til slutt 4–0.


Tidlegare denne veka fekk FK Sykkylven tildelt tre poeng etter at Hasundgot ikkje klarte å stille lag då laga skulle møtast i slutten av august. Dermed måtte Vartdal slå Åheim på Remen for å halde følgje med FK Sykkylven i kampen om opprykk.

Heimelaget gjekk hardt ut frå start i jakt på storsiger.Vertane skapte halvsjansar dei første minutta, og fire minutt ut i kampen fekk Vartdal straffespark. Rolf-Audun sette ballen i tverrliggjaren, og Åheim fekk klarert. Tre minutt seinare hadde Åheim-målvakta eit dårleg mottak på eit tilbakespel. Rolf-Audun var vaken, og på ope mål sendte han heimelaget i føringa. Det var vertane som førte kampen, men offensivt fekk dei det ikkje heilt til å stemme. Åheim-laget forsvarte seg godt, men gav ikkje Vartdal problem defensivt. Heimelaget hadde to avslutningar i stolpen, heading utanfor frå ein meter og fleire andre sjansar i løpet av førsteomgang, men laga gjekk til pause på stillinga 1–0.

Kampbiletet frå førsteomgang heldt fram i andreomgang. Etter 51 minutt spelte Rolf-Audun flott gjennom Frank som banka inn 2–0 via tverrliggjaren. Fem minutt seinare vart Jarl spelt fri på venstresida. Han fann ein umarkert Rolf-Audun framfor mål, som enkelt sette inn 3–0. Som i førsteomgang burde Rolf-Audun ha skåra meir mål på sjansane sine. Med eit kvarter igjen av kampen prøvde Vartdal å slå eit innlegg. Ballen gjekk mot mål, og hamne i nettveggen via handa til målvakta. Dermed 4–0 og Rolf-Audun sitt attande mål for sesongen. Åheim sin einaste sjanse kom fem minutt før slutt, men Frank R fekk klarert på streken.




Lage som starta mot Åheim :
Thomas, Agnar, Petter Ove, Frank R, Geir Arne, Erling, Arthur, Steffen, Dan Andre, Rolf-Audun, Frank 
Benytta innbyttera : Kristoffer, Jarl, Leidulf, Thomas, Jostein, Vidar Johan, Morten
Neste kamp er borte mot Langevåg torsdag 26. september kl. 18.30.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar