mandag 7. oktober 2013

Åmdal - Vartdal

Lokaloppgjeret mellom Åmdal og Vartdal laurdag hadde stor betydning for begge lag. Åmdal ville med siger ta eit steg vekk frå nedrykkskampen med ei serierunde att, medan Vartdal håpte å snike seg forbi FK Sykkylven i opprykkskampen. 
På Legene laurdag var Vartdal det mest effektive laget framfor mål, og slo Åmdal 3–0. Åmdal ligg no på ein usikker åttandeplass, medan Vartdal har like mange poeng som FKSykkylven på opprykksplass.
Gjestene opna kampen best, og etter fire minutt fekk dei eit mål annullert for offside. Vartdal kom til mange innlegg i løpet av førsteomgang, men i opninga klarte dei ikkje å skape dei store sjansane. Utover i omgangen kom Åmdal meir med i kampen. Etter 26 minutt var Simon Gjøen gjennom etter eit utspel frå Håvard Aasen, men avslutninga gjekk utanfor. To minutt seinare var Kai Robin Myklebust aleine gjennom, men Vartdal-målvakt Thomas var tidleg ute og fekk stoppa Myklebust. Då det var spelt ein halvtime slo Frank R inn frå venstresida. Ballen gjekk via Frank og i ein Åmdal-spelar før den trilla over streken, og 1–0 til Vartdal. To minutt seinare vart Simon Gjøen takla i feltet, og straffe til heimelaget. Spelande trenar Svein Erik Grevsnes tok straffesparket, men Thomas redda. I det neste angrepet var Rolf-Audun i duell med Håvard Aasen, og dobla leiinga. Åmdal-målvakta og medspelarane meinte at det skulle vere frispark i heimelaget, men dommaren godkjende målet. Eitt minutt før pause var Adrian Hoff nære redusering for vertane, men laga gjekk til pause med 2-0-leiing til Vartdal.


I andreomgang tok det fire minutt før det vart nettsus. Dan Andrè sette inn Vartdal sitt tredje mål for dagen. Etter skåringa var Åmdal det beste laget på Legene. Dei skapte ein del sjansar, men det resulterte ikkje i mål. Midtvegs i omgangen fekk målvakt Håvard Aasen eit kne i bakhovudet, og vart sendt til legevakt med ambulanse. På tampen av kampen var Vartdal nære ved å sette inn 4-0, men lukkast ikkje. Likevel kunne dei juble for tre poeng etter 3-0-sigeren.



Lage som starta mot Åmdal :
Thomas, Marius, Arthur, Frank, Erling, Steffen, Markus, Dan Andre, Jarl, Rolf-Audun, Frank
Benytta innbyttera : Thomas, Leidulf, Jostein, Morten, Vidar Johan
Benk : Terje
Mangla : Petter Ove, Geir Arne, Kristoffer, Kenneth, Agnar 
Netse kamp er laurdag 12.oktober borte mot Hasundot kl. 15.00

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar