fredag 13. september 2013

FK Sykkylven - Vartdal

Både FK Sykkylven og Vartdal kjempar om den andre opprykksplassen i femtedivisjon. Då laga møttest på Dalemyra stadion torsdag enda det uavgjort, 1–1.
Vartdal låg på ein andreplass før møtet med FK Sykkylven torsdag FK Sykkylven låg på plassen bak. Heimelaget har ein kamp mindre spelt, men truleg får FK Sykkylven tilkjent tre poeng då Hasundgot ikkje møtte opp til denne kampen. Med ein solid målforskjell på 41 plussmål for FK Sykkylven, mykje grunna 26-0-sigeren over Åheim, ville Vartdal ha tre poeng for å få ei luke i kampen om opprykk.

Det var gjestene som opna kampen best, og hadde kontroll. Petter Ove trudde han hadde sendt Vartdal i føringa, men ifølgje rapportane var ikkje dommaren på høgde og såg ikkje at ballen var over streken. Midtvegs i førsteomgang fekk bortelag utteljing då Geir Arne sette ballen i mål. Mot tampen av kampen måtte Marius ut med ein strekk, og Vartdal måtte setje inn ein innbytar som ikkje hadde fått varma opp. FK Sykkylven angreip høgresida like etter på, og Glen Ørjan Johannessen sette inn utlikninga.

Vartdal følte seg litt snytt då dei gjekk til pause, og at dei fekk utlikninga imot så seint i omgangen. Heimelaget gjorde nokon rokkeringar i pausen, og sette innpå trenaren Robert Sogge. Dette gav resultat for FK Sykkylven, som var det beste laget i første halvdel av omgangen. Gjestene gjorde nokre endringar sjølv for å betre kontroll, og lukkast. Mot slutten av kampen kom begge lag til innleggssituasjonar og sjansar, men det var ikkje fleire mål og eitt poeng til begge lag.
Ideelt sett skulle vi hatt tre poeng, og vi gjekk for tre poeng. Det viktigaste var likevel at vi ikkje tapte kampen.Situasjonen etter kampen er den same som før kampen, og alt kan skje. Vartdal har tre tøffe bortekampar, i tillegg til Åheim-kampen heime som kan verte farleg.  FK Sykkylven skal ha Vigra, Hovdebygda og Ravn, og ingen av desse kampane er lette.







Lage som starta mot FK Sykkylven 
Thomas, Marius, Arthur, Petter Ove, Frank R, Geir Arne, Erling, Steffen, Dan Andre, Jarl, Frank

Benytta innbyttera : Thomas, Jostein

Benk : Vidar Johan

Neste kamp er torsdag 19 september på Remen kl. 18.00 mot Åheim. Detter er den siste kampen på Remen.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar