fredag 30. august 2013

Vartdal - Vigra

Med 4-0-siger over Vigra onsdag står Vartdal med full pott i haustsesongen, og kjempar om opprykk til fjerdedivisjon

Dei to første kampane til Vartdal i haustsesongen enda med 7-3-siger over Sunnylven/Stranda 2 og 3-0-siger over Ravn. Gjestene hadde også opna haustsesongen godt, med sigrar over Hasundgot og Sunnylven/Stranda 2.


Vartdal var det førande laget i førsteomgang, men det vart ikkje skapt dei altfor store sjansane. 2 minutt ut i kampen skapte Vigra ei målsjanse, men målvakt Thomas fekk avklart til hjørnespark.
Frank R avslutta i nettveggen etter fire minutt. Tre minutt seinare burde Rolf-Audun sendt heimelaget i føringa, men målvakta var på avslutninga og returen heada Dan Andrè over. 32 minutt spill jaga Rolf-Audun ei heading tilbake til målvakt. Han vann duellen, runda målvakt og sendte Vartdal i føringa.
Like før pause var Jarl  nær ved å auke leiinga på eit hjørnespark. 





Vigra opna andreomgangen best, og kom til eit par farlege avslutningar. Sju minutt ut i omgangen stussa Vartdal gjennom Jarl. Frå litt skrått hald dobla han leiinga til Vartdal.
Det Vigra produserte av sjansar stoppa ein god Thomas i Vartdal-målet. Bakover på bana hadde også vertane god kontroll på kampen, og med tjue minutt igjen av kampen avgjorde Dan Andre. Eit langt innkast frå Arthur enda til slutt ved Dan Andre, som på vakkert vis sette inn 3–0. Mot tampen av kampen fekk heimelaget fleire hjørnespark. På det tredje vann Frank duellen i feltet, og sette punktum med 4–0 til Vartdal.







Lage som starta mot Vigra :
Thomas, Marius, Arthur, Petter Ove, Frank R, Kenneth, Erling, Jarl, Rolf-Audun, Dan Andre, Frank

Benytta innbyttera : Steffen, Jostein, Thomas, Vidar Johan

Neste kamp er laurdag 7. september kl. 15.00 på Remen. Då er det Hovdebygda som kjem på besøk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar