torsdag 2. mai 2013

Ravn - Vartdal


Vartdal tapte også den andre kampe i årets femte divisjon, og har på langt nær fått den sesongopninga laget håpa på.



Motstandar torsdag var Ravn på Vatne. Speleforholda var krevjande, med ein kraftig vind på langs av bana.

I første omgang hadde Vartdal medvind, og nytta han til å kontrollere kampen. Likevel greidde ikkje laget å produsere gode sjansar.
Ravn tok leiinga ti min før pause etter ein merkeleg situasjon. Ballen hamna i Vartdal-feletet, og Vartdal-forsvararane var fyrst på ballen i fire til fem forsøk på å avklare. Men til slutt hamna ballen hos den eine Ravn-spelaren som var att i feltet, og han skåra.

I pausa gav Kenneth instruksjon om at spelet måtte gå litt raskare. 

Det gridde Vartdal-spelarane å gjennomføre, og i dei fyrste minutta etter pause dominerte gjestene stort. Den eine sjansen etter den andre vart skapt.
Til slutt utlikna Rolf-Audun for laget. Han fekk med seg ballen, og avslutta klinisk og presist. dermed va det 1 - 1.
Men midtveges ut i omgangen fekk Ravn sin andre sjanse i kampen . Han kom etter eit hjørnespark som Vartdal-leiren meinte aldri burde ha vore dømt.
Hjørnesparket resulterte altså i mål for Ravn, og heimelaget var i føringa.
Vartdal produserte sjansar etter dette, men lukkast ikkje i avslutningane. I staden var drt Ravn som akua til 3 - 1mot tampen av kampen, og kampen var avgjort.


Lage som starta :
Terje, Marius, Petter Ove, Arthur, Thomas, Kenneth, Dan Andre, Steffen, Geir Arne, Rolf-Audun, Jarl
Benytta innbyttera : Anders, Frank, Vidar Johan
Benk : Joachim,  Jostein, Agnar


Mål : Rolf-Audun


Neste kamp for Vartdal er mot Vigra onsdag 08.mai.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar