På veg til Hellesylt hamna ein bilane til Vartdal-laget i grøfta, og vart på grunn av dette forsinka. Heile laget vart først på plass på stadion ti minutt før kampstart, og trenar Kenneth Nydahl tok seg ein prat med heimelaget.
– For Sunnylven vart det greitt å vente litt med å starte kampen. Dommaren fekk beskjed om at vi skulle vere klare til ti over halv sju, men vi fekk beskjed om at kampen starta seinast fem over halv. Difor fekk vi berre 3–4 minutt til oppvarming, og ikkje ei god opplading til kampen, seier Nydahl.

Sundgot ordna 1–0

Då kampen vart sparka i gang to det berre to minutt før Agnar vart takla hardt, og måtte gå av bana med smerter i ryggen. Bortelaget hadde presset og banespelet, men Sunnylven/Stranda 2 fekk ein del overgangar med Alf Ove Sundgot og skapte like mange sjansar som Vartdal i førsteomgang. Sundgot skulle også sende heimelaget i føringa før pause. Jarl heada ein ball rett i Sundgot som då kom aleine mot Petter Ove. Han utfordra og kom seg forbi Terje i Vartdal-målet, og sette kontrollert inn 1–0.


Straffesituasjon

Ut omgangen skapte Vartdal ein del halvsjansar. Rolf-Audun vart felt innanfor sekstenmeteren, men kom seg på beina igjen og var aleine med ope mål. I det han skulle til å sette ballen i ope mål fekk han ei takling frå sida, og avslutninga gjekk i stolpen. Vartdal følte seg snytt for straffe, og på benken til Sunnylven/Stranda 2 var dei letta for at dommaren ikkje blåste. Utan utteljing gjekk laga til pause på stilling 1–0 til Sunnylven.


Tre poeng til Sunnylven

Banespelet frå førsteomgang heldt fram i andre. Vartdal førte kampen, men heimelaget var farlege på overgangar og auka leiinga til 2–0 på denne måten. Bortelaget satsa offensivt etter skåringa, og la om til tre mann i forsvar. Heimelaget utnytta romma offensivt, og sikra seg tre poeng med 3–0 siger.

Vartdal var ikkje dyktige nok i sikringsspelet og ikkje flink nok til å falle av. Måla imot kom som regel då vi var i balanse. Alt i alt var det ei frykteleg rusten serieopning, men all honnør til Sunnylven/Stranda 2 for ein godt gjennomført kamp. Dei har eit godt forsvar i tillegg til ein kjapp spiss på topp.





Lage som start : Terje, Marius, Petter Ove, Jarl, Agnar, Anders, Kenneth, Thomas, Steffen, Rolf-Audun, Frank
Benytta innbyttera : Morten, Jostein, Dan Andre, Vidar Johan

Neste kamp er torsdag 02.mai mot Ravn på Ravn kunstgras kl. 18.30