Medan Vigra fekk ein god start på sesongen med klare sigrar mot Hasundgot og Sunnylven/Stranda 2 var historia ei anna for Vartdal. Tap mot Sunnylven/Stranda 2 og Ravn var ikkje heilt det trenar Kenneth Nydahl hadde sett føre seg før sesongen, og med fleire spelarar ute til kampen mot Vigra var heimelaget favorittar på førehand.

Det vart også ein rufsete start på kampen for Vartdal, og det var Vigra som hadde trykket. Redning på streken og elles godt målvaktsarbeid frå nysigneringa Thomas gjorde at Vigra ikkje var i føringa. Midtvegs i kampen gjorde Nydahl nokon justeringar på midtbana, og Vartdal tok over føringa i kampen. I siste halvdel av omgangen fekk bortelaget fleire hjørnespark, og skapte ein del halvsjanser. Likevel resulterte det ikkje i mål, og laga gjekk mållause til pause.


I andreomgang var Vartdal det førande laget på bana. Bortelaget heldt fram med å skape halvsjanser før det losna etter ein time. Rolf-Audun vart spelt gjennom, og sende Vartdal i føringa.



 Etter 73 minutt gjorde Isak  ein god jobb på eigen halvdel, og spelte fri Frank. Spissen gjorde ingen feil framfor mål, og dobla leiinga til Vartdal. Vigra kom til to store sjansar etter måla, og var nærast skåring då Jarl fekk redda på streken. Vartdal klarte å halde unna for Vigra ut kampen, og Rolf-Audun fekk nettsus igjen både i det 88 og 90 minutt. Dermed kunne Vartdal juble for årets første siger.



 Vi var litt reduserte til kampen, men då er det andre som får sjansen, og den tok dei til gangs. Vi stilte kanskje eit sterkare lag på papiret i dei to føregåande kampane enn på onsdag, men alle mann alle responderer og leverer. Frå Vigra fekk vi høyre at vi var det beste laget dei har møtt i år, men vi må opp på dette nivået for å hevde oss. Thomas gjorde ein god debut i mål, Marius tok den eine midtstopparplassen, og gjorde det han fekk beskjed om og meir til.


Vartdal var avhengig av siger mot Vigra for at luka opp til topplaga ikkje skulle verte for stor tidleg i sesongen. No er det seks poeng opp til Langevåg på topp, men luka er berre på tre poeng til Ravn på andreplass.

Neste kamp for Vartdal er på fotballen sin nasjonaldag, 16.mai, mot Hovdebygda. I Hovdebygda kl. 18.30