onsdag 29. mai 2013

Åheim - Vartdal

Vartdal var klare favorittar mot Åheim på Løvold stadion onsdag, men det tok ein omgang før bortelaget fann flyten og vann kampen 4 - 1.




Medan Vartdal er inne ei god periode med tanke på poengsankinga, stod Åheim med fem strake tap. Det var likevel eit lyspunkt for heimelaget i førre runde med ein jamn kamp mot Sunnylven/Stranda 2. Åheim er kjent for å vere eit vanskeleg lag å møte på Løvold Stadion, men Vartdal fekk ein god start på kampen. 28. minutt ut kampen sette Rolf-Audun inn 1–0 for Vartdal, men etter skåringa kom Åheim betre med i kampen. Då det var spelt 45 minutt vart det rot i eige felt, og Jon Andre Thue sette inn utlikninga for heimelaget. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1–1.

I andreomgang gjorde bortelage noko endringar på laga, og justeringane gav resultat. Bortelaget tok igjen kontroll over kampen, og etter 64 minutt sette Rolf-Audun inn sitt andre for dagen. 16 minutt seinare avgjorde han kampen med sitt tredje, og han fastsette resultatet med sitt fjerde mål for dagen, og sitt åttande mål for sesongen, etter 82 minutt. Vartdal innfridde mot Åheim, og klatra oppover tabellen med tre nye poeng.

Vi var litt redusert til kampen, men er gode fram til vi tek føringa. Vi er åleine med målvakt 3–4 gonger før vi lagar mål. Åheim er småfarlege på overgangar, og spelar ganske direkte. Etter skåringa er vi frykteleg upresise, og om det er varmen som gjer det veit eg ikkje. Det vert ein klabb og babb situasjon i boksen vår rett før pause, og det resulterer i utlikning, seier Kenneth Nydahl.

Ni mål for Vartdal





Rolf-Audun var effektiv for Vartdal for to sesongar sidan, men hadde litt måltørke førre sesong. No er han tilbake med ni mål på seks kampar så langt denne sesongen. Han er kvikk for tida, og det er kjekt å sjå at han er tilbake i 2011-forma, seier Kenneth Nydahl.

Lage som starta mot Åheim :

Thomas, Marius, Arthur, Petter Ove, Thomas, Anders, Geir Arne, Rolf-Audun, Frank, Isak, Vidar Johan
Benytta innbyttera : Jostein, Leidulf, Dan

Neste kamp er torsdag  06.06.13 heime på Remen mot Langevåg kl. 18.30

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar