fredag 17. mai 2013

Hovdebygda - Vartdal

Lokaloppgjeret mellom Hovdebygda og Vartdal hadde det meste. Bortelaget var hakket kvassare i andreomgang, men når det vart to forsøk på same straffespark og to bom enda kampen uavgjort 1–1.



Både Hovdebygda og Vartdal jakta siger då laga møttest på Hovdebygda stadion 16. mai. Heimelaget slo Sunnylven/Stranda 2 5–1 i førre kamp, og Vartdal noterte seg sin første siger for sesongen med 4–0 siger borte mot Vigra. På kunstgrasbana i Hovdebygda opna kampen jamt. Fire minutt ut i kampen fekk Kjetil Kalvatn avslutta frå sju meter, men ballen trilla utanfor mål. Nokre minutt seinare fyrte Terje Skeide av frå sytten meter, men avslutninga gjekk ein meter utanfor. Vartdal var litt betre enn heimelaget i banespelet utover i omgangen, og byrja å produsere halvsjansar. Anders hadde eit fint raid etter 25 minutt, men avslutninga gjekk utanfor. Sju minutt seinare fekk Steffen avslutta frå seks meter etter eit hjørnespark, men skotet vart stoppa på streken. Returen sette Frank utanfor. Minuttet seinare vart Kenneth spelt flott gjennom og lobba over ein utrusande Marius Lerberg, men ballen trilla utanfor stanga. Etter 35 minutt fekk heimelaget ein overgang. Innlegget hamna i beina til Kalvatn som kom seg fri og sette ballen til høgre for Thomas  i Vartdal-målet. 1–0 til Hovdebygda. 43 minutt ut i kampen smelte Øystein Hovden til frå 25 meter. Thomas var utspelt, og avslutninga gjekk i tverliggaren. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1–0 etter ein jamspelt førsteomgang.



Opninga av andreomgang var lik førsteomgang. Ingen av laga kontrollerte kampen, og det vart ein del kriging mellom laga. Ti minutt ut i omgangen fekk Vartdal frispark på hjørnet av 16-meteren etter ein ettersleng på Rolf-Audun. Geir Arne slo inn og Kenneth sette inn utlikninga. Åtte minutt seinare sette Steffen fart og fekk avslutta frå tolv meter, men Lerberg redda. Geir Arne hadde ei god avslutning like etterpå, men Lerberg redda igjen.


Heilt på tampen av kampen fekk Vartdal straffe etter at Dan Andre vart riven ned i feltet. Rolf-Audun tok straffesparket, men Håvard Aasen som var kome inn i mål for heimelaget redda. Dommartrioen meinte likevel av Aasen ikkje stod på streken då straffesparket vart teke, og Vartdal fekk sjansen på ny. Kenneth la ballen til rette, men straffesparket gjekk utanfor. Dermed ebba kampen ut på stillinga 1–1.



Lage som starta:
Thomas, Marius, Petter Ove, Arthur, Thomas, Geir Arne, Kenneth, Anders, Rolf-Audun, Steffen, Frank
Bennytta innbyttera: Dan Andre
Benken: Joachim, Agnar, Leidulf, Vidar Johan, Jostein, Isak, Terje

Neste kamp er torsdag 23 mai mot FK Sykkylven på Remen kl. 18.30.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar