tirsdag 13. mars 2012

Vintercup Åram/VanKam - Vartdal på Hareid


ÅVK var rekna som førehandsomfavorittar mot Vartdal, det lågast rangerte laget i turneringa før ho starta. Men som mot Hareid sist veke sprudla ikkje ÅVK like mykje som dei gjorde tidlegare i vinter, og fekk hard kamp mot eit Vartdal-kamp som stilte sterkare enn mot Hødd sist runde.


I ein ikkje altfor sprudlande 1. omgang med mange tøffe duellar byta laga på å ha initiativet, før ÅVK etter kvart klarte å skaffe seg eit lite grep. Kampen første store sjanse kom etter 18 minutt då Ole Per Kragset stupheada ballen like utanfor mål.
Vartdal-keeper Martin Liaskar stod som ein vegg mot Hødd sist, men var uheldig då ÅVK gjekk opp i leiinga etter 28 minutt. Etter ein dødballsituasjon klarte ikkje Liaskar å halde ballen i fast grep, og Torgeir Halsen fekk knota ballen over mållinja.
Men: Berre fire minutt seinare var Vartdal på offensiven og utlikna ved Nils P. Sæter. 1-1 stod seg også til pause.
Ti minutt ut i 2. omgang vart Vartdal reduserte til ti mann etter ei tøff takling. Korrekt eller ikkje. Det unge dommartalentet Per Inia Brekke klarte seg godt som hovuddommar i dette selskapet.
Med 11 mot 10 spelarar handla det ikkje uventa mest om ÅVK resten av kampen. Vartdal hadde rett nok ein kjempesjanse dei brende. Men stort sett handla det om sjansar og halvsjansar til vanylvingane. Martin Liaskar spelte seg stort opp etter glippen i 1. omgang og saman med eit kompakt og resolutt forsvar heldt han blåtrøyene inne i kampen til det var 12 minutt att å spele. Då sette veteranen Ole Per Kragset inn 2-1 med skuldra, brystkassa eller nakken (?). Uansett. I ein knokkelkamp med mange tøffe duellar drog ÅVK i land ein fortent siger.
ÅVK spelar b-finale neste helg, medan Vartdal skal ut i b-bronsefinalen. Motstandarane blir klare i morgon.
Kampfakta
HGV semifinale b-sluttspel
Åram/Van.kam. - Vartdal 2-1 (1-1)
Mål: 1-0 Torgeir Halsen (28), 1-1 Nils P. Sæther (32), 2-1 Ole Per Kragset (78)
Dommar: Per Inia Brekke, Hareid IL
ÅVK (tropp): Geir Berge, Erlend Kragset, Vegar Krokvik, Hallvar Larsen, Anders Midtbø, Elling Flister, Sigve Støylen, Ole Theodor Hovden, Martin Ekremsæter, Torgeir Halsen, Ole Per Kragset, Fredrik Midtbø, Stian Bellen, Sondre Hasund, Vegar Prozenko, Kenneth Bellen, Carl Even Grande.
Vartdal (tropp): Martin Liaskar, Thomas Vartdal, Petter Ove Sætre, Arthur V. Midtgård, Frank Ristesund, Kenneth Holsæker, Vetle Gjeilo, Nils Petter Sæther, Tony Ristesund, Are Bjørgum, Frank Gjerde, Leidulf Liadal, Dan Andre Johansen, Anders Vartdal, Jarl Vinjevoll, Marius Roth.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar