tirsdag 13. mars 2012

Skal kose seg til opprykk

Vartdal sin 2. plass i fjor var akkurat ikkje godt nok for opprykk til 4. divisjon. I år håpar dei god stemning i garderoben skal bidra til å løfte klubben opp eitt nivå.


Måndag kveld haldt oppkøyringa til årets sesong fram. I kamp mot fjorårets divisjonskollega, Sæbø, vart det 3-3 på Hovdebygda kunstgrasbane.Vartdal leia 2-1 til pause, før Sæbø tok leiinga 3-2 i 2. omgong. Vartdølingane fekk likevel med seg eit resultat då dei utlikna mot slutten.
- I år har vi eit kjempelag, og vi bør vere gode nok for opprykk, sa kaptein Petter Ove Sætre i etterkant av kampen.
- Steike flinke sosialt
Stallen i år er forsterka av to nye, som begge er studentar. Midtbanespelar Vetle Geilo frå Lom og spiss Frank Gjerde frå Lepsøya trente med laget i haust og har no signert for klubben. Sætre seier stemninga i laget er på topp.
- Vi er ein fin gjeng og har det "helvetta" løye i garderoben. Folk utanfrå seier vi er steike flinke sosialt. Sidan vi er så godt sveisa saman håpar vi det kan bidra til opprykk.
Trenar Kenneth Nydahl er like optimistisk. Ambisjonen er å ta laget opp til 4.divisjon.

Kenneth Nydahl meiner laget er sterkt.
- Målet er absolutt å rykke opp, det trur eg er realistisk. Vi er eit ungt lag med innslag av meir rutinerte spelarar, og sesongførebuingane har gått bra. Vi er i rute, fortel Nydahl.
3000 meter-test før kamp
Spelarane hadde ei litt spesiell oppladning til kampen. Nydahl sende disiplane ut på kondisjonstest rett føre kampen.
- Mange av spelarane måtte gjennom 3000 meter-testen i forkant. Vi hadde likevel med oss 22 spelarar, så kampen gjekk sånn "bob-bob", seier trenar, Kenneth Nydahl.
Kaptein Petter Ove Sætre innrømmer at blåtrøyene kjende testen i beina.
- Vi var nok litt påverka, men samstundes slapp vi til fleire juniorar. Mange spelarar fekk prøve seg.
Tyrkisk opplading
Innan påska møter Vartdal Godøy, Ørsta og Hasundgot (2 påskedag) til treningskampar, før turen går til Tyrkia.
- Vi dreg til Tyrkia 28. mars for ei veke med trening. Der skal vi også spele eit par kampar for å finpusse formen til sesongstart i midten av april, avsluttar Nydahl.

http://nernett.no/web/?do=article&id=15835

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar