lørdag 5. mars 2011

Dag 6 -Kamp 2

Heile gjengen

Siste dag i Tyrkia, og kamp mot Volda sto på programmet. Alle mann til frukost kl 08.15, spelarmøte kl 09.30, og kampstart 10.30. Idag mangla kun Dan og Geia, så vi hadde fleire innbyttarar tilgjengelege enn igår.

Trøtte gjeng

Nervøs leiar

Kenneth forklara

Alle fylgje spent med

...nesten alle!

Vi visste også idag at vi møtte ein motstandar som var eit par hakk betre enn oss. Fokus var på struktur og formasjon, spesielt defensivt, sidan vi visste vi stort sett kom til å forsvare oss. Men vi bestemte oss også for å spele vårt eige spel og prøve å få til det vi har øvt på offensivt.
Stillinga til pause var 1-0 til Volda. Idag føler vi at vi held bra følge med Volda i ca 70 minutt. Vi ligger bra i formasjon, og er flinke å nekte Volda rom å spele i. Vi skapar også litt sjansar framover sjølv, og vi hadde 2 angrep i første omgong som er ganske bra. Volda trilla ball, men skapte lite. Dei skåra eit mål som vi kanskje burde klart å unngå på eit innlegg frå kant der vi ikkje er raske nok tilbake for å hindre skåring på bakerste stolpe.

-Seriøst, den e so liten..

-So liten???

Gler sej til kamp

Heilt Nils

Pete vinne duell

Driblings

Klare for pause

Avspark 2. omgong

Marius notera, Isak sende SMS

Eh? Kar ballen e, Nils?

Oppspel på gong

Anders vs eks-Tippeliga

Vi spelar godt også i 2. omgong. Volda skåra sitt andre mål på ei litt billig straffe, og fekk 3-0 på eit mål som til og med Voldaspelarane meiner var 2 meter offside. 4-0 kjem etter eit dårleg oppspel som Volda snappar og kontrar kjapt imot oss. Mykje positivt å ta med oss også idag. Vi får til mykje av det vi prøvar på, samt at vi ligg veldig bra i forsvar. Volda var nok uansett eit par hakk for gode, men det er god erfaring vi har dratt med oss på desse to kampane mot mykje betre motstand.

Camera guy

Versågod, Møre Nytt!

Nervøse voldingar

Andre ykta idag var frivillig, og vi var 6 stk som tok med oss ein ball på treningsfeltet nedom hotellet. Der spelte vi "RÆV" og kuball. Dei som var der er også med i den eksklusive Klubb 100%; Oss som har 100% oppmøte og fullføring av yktene her nede! Respekt til oss: Arthur, Vidar, Nøre, Kenneth, Anders, Agnar, Martin.

Ellers var det intens jobbing med brunfargen som stod på programmet, og stakkars Petter Ove var desperat etter dei siste solstrålane. Dagens Pete kjem lenger nede på sida.

Siste solstrålane skal absorberast

Klagakje på sørvisen

Før middag gjekk ein gjeng av oss i badstu, steamrom og tyrkisk bad. Rundt hotellet går det ein slags kanal med vatn, so dei sprekaste av oss hadde bademadrass-kappløp i denne kanalen. Etter mykje juks, gjekk Geia av med sigeren. Etter det var det på tide at juniorane på laget fekk gjennomgå litt. Ein etter ein vart dei plukka frå roma sine og kasta i det kalde bassenget. Det beste var kanskje Isak som låg og sov når 6 mann dukka opp på rommet, på med lyset, av med dyna, og kasta rett i bassenget. Alle under 20 måtte til pers, andre meir eller mindre frivilleg.

Martin kosa sej

Junior på vei i bassenget

Kaldt!

Sistemann. Gakje sej uten kamp

Avreise med bussen imorga er kl 05.00 om morgonen. Vi fekk lov å ta oss nokre øl ikveld, men sidan avreise er så tidleg så er stemninga roleg og fin. Vi har hatt eit kjempeopphald her nede, og vi har allereide booka tur til neste år i veke 13. Utbyttet av denne turen kjem til å gi utslag på sesongen, og vi er ein positivt lada gjeng som er supermotivert for å gå for opprykk i år. Å leve som fotballproffar ei veke er noko som gjer noko med alle, og spesielt for dei yngre må dette være ein super opplevelse. -det er det til og med for oss eldre :)

To slitarar..

Prøva å gå i eit med lokalbefolkninga

Flotte hattar

Vi ynskjer å takke alle sponsorane våre. Utan dei hadde det vore vanskeleg å få til denne turen. Folk har lagt ned ein bra dugnadinnsats i tillegg, og å få ei veke her nede for ein rimeleg penge er noko vi alle set pris på. Vi håpar at sponsorane våre vil følge oss vidare i år, og føle at dei på ein måte har vore med på å bidra til resultatet i komande sesong. Vi håpar også at dei er villege til å bidra også neste år. Vi har profilert oss godt her nede, og har sett veldig profesjonelle ut, i like treningsdrakter kvar dag. Vi håpar også at dei som har følgt oss på bloggen har fått ein liten smak på korleis vi har hatt det, og korleis det er å leve som proff i 5. divisjon. Iallefall for ei
veke..... :)

Tony oppsumera turen 1

Tony oppsumera turen 2

Kjeme ej på bloggen???

Dagens Pete: No e ej so brune at ej he sjangs på alle damene heime!!


Takk for en fantastisk tur!!!!


(Bloggen vil ligge her, vi får sjå om vi skal fortsette og oppdatere utover sesongen)

1 kommentar:

  1. Aashild Anna Vartdal5. mars 2011 kl. 23:41

    Trur dokke har hatt ein flotte tur! Har vore veldig kjekt å lese bloggen å sjå bilete!!:). God tur heim:)

    SvarSlett