onsdag 2. mars 2011

Dag 3 -Syting



Ein av NøreVartdalsrepresentantane

Fortsatt strålande vèr og kanonbra treningsforhold. "Sein" morgentrening idag, kl 10.30, so vi fekk sove til 9. Det trur eg var mange som sat pris på. Etter ein upåklagelig frukost igjen var vi i gong med ei tøff økt. Litt enkle øvelsar, og 3-lagsmodell tilslutt.
(Enkelte meinar at oppvarmingsøvelsen has var tøffare enn 3-lagsen, men det var stort sett dei utan teknikk som klaga på dette).

Mr Cool

Det vart høg temperatur etterkvart, og det viser at vi har komt sopass igong at vi begynner å stille krav til medspelarane våre. Positiv utvikling! Det som ikkje er like bra er at fleire og fleire begynner og kjenne for godt etter, og klagar for den minste ting. Tilslutt var det 6 mann som ikkje fullførte, folk må bite tenna ihop og tåle ein trøkk. Christian Vartdal burde være forbildet til alle mann på dette! Isak fortjener å få litt honnør idag, etter ei to-tre episoder der han følte seg "trakka på", so beit han tenna ihop og viste en innsats vi ikkje har sett frå han før. Bra at dei yngre viser litt fandenivoldsk innstilling.

Konsentrasjon

Skåring

Dagens suraste -og blidaste :)

-Må ej heilt bort dit for å bommelomme?

Idag var dei 3 Voldakeeperane med på keepertreninga til Arve. Det virka som dei satte pris på det, Arve er ein kjemperessurs å ha med ned hit, og eg trur Volda er misunnelege på at vi har eigen keepertrenar.

Terje plukka. Marius på bærtur..

Martin i full strekk. Marius på bærtur 2..

Presist innlegg

...presist innlegg 2

Mellom øktene idag så var det fullt fokus på brunfarge. Ingen vil kome heim og være like bleike, so folk er allereide stressa. Solkremen vart bytta ut med sololje, so no ikveld er det mange som klagar over at dei er solbrende. Lesson learned :)

Kommentar overflødig..

Deilige sololje-boys. Pete e sjalu på brunfargen has Arthur

Arve var også iferd med å starte ein ny krig mellom Norge og Tyskland idag. Han "lånte" ei madrass til solsenga frå ei som han trudde sto ledig. Etter ei stond kom det ein tyskar å ville ha tilbake madrassa. Etter mykje om og men, så gav Arve den frå seg igjen. "Dei tapte no krigen, so ej tenkte dei måtte få nåke" -sa Arve. Vi andre meinte han gav seg for lett!

Arve -uten madrass

Økt nr 2 idag var ei lett økt der vi gjorde mykje kjekt med ball. Vi hadde også ei runde med "RÆV", der vi avgjorde kven som hadde ansvar for å pakke ned utstyret før vi reiser heim. Petter Ove, Nøre og ein av dei "skada" tapte. Synd for dei........
So spelte vi litt firkant, formasjonstrening, avslutningstrening med innlegg frå kant og avslutta med premiegevinst for å treffe tverrliggaren frå 16 og 30 meter. Ingen gjekk av med siger, så 40 Euro gjekk i potten til seinare i veka.

Kenneth skulle vise oss (ansiktsuttrykket viser kor det gjekk)

Geia. Nesten

Om å gjere å skyte høgst. Geia vann

Løp i boks

???????

Fysioterapeuent/healeren her nede trur eg har hatt ei årsinntekt denne veka. Voldingane brukar ho flittig, og etter vi også fekk tilbodet er det ikkje måte på kor låke folk har blitt overalt.
Trur eigentleg dei lengtar heim til mødrene for litt omsorg og kjærleik. -det er forresten noko ein heilt sikkert får kjøpt lenger ned i gata her :)

Dagens Pete: GI MEJ DINNA SOLOLJEN!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar