fredag 4. mars 2011

Dag 5 -Kamp



VTIL

Idag spelte vi kamp mot 2. divisjonslaget Austevoll IK. Dei hadde med seg ein tropp på 28 mann, og skulle seinare på dag spele kamp mot Volda. Dei stilte likevel med 6 spelarar som opprinneleg spelar på førstelaget deira. Vi visste det ville bli tøff motstand.

Uttøying

En NøreVartdalsrepresentant

Rudolf

En Volle-kar

Etter kampen oppsumerar vi det slik: Vi var gode i ca 60 minutt. Første omgong og eit kvarter ut i andre klarte vi å ligge kompakt og i formasjon. Vi prøvde å trille ball, og gjorde slik som vi har trena på. Formasjonsspelet sat bra, og pasningsspelet vårt var bra. Vi fekk til mykje av oppspelsvarianten vår, og det vi har drive med denne veka på trening viste igjen. Austevoll var eit ekstremt ballsikkert lag med ein pasningskvalitet på høgt nivå. Vi vart springande litt imellom, men når vi låg kompakt og disiplinerte, så skapte dei svært lite på etablerte angrep. Dei hadde ballen klart mest, og det var lite å seie på at dei leda. Det vart ein kamp der vi måtte forsvare oss, og det meiner vi at vi klarte bra i 60 minutt. Stillinga til pause var 3-0, to mål på dødball. Dødballmål burde vi klare å unngå, så vi har ein jobb å gjere her. I tillegg redda Martin ei straffe som var feilaktig idømt. Denne situasjonen oppsto også etter ein dødball.

Helse på, før kamp

Klare!

Full kontroll

Returløp

Finn ballen..

2 omgong var derimot litt verre. Vi var gode i ca 15 minutt. Då måtte vi gjere eindel bytte pga slitne bein og skadar, og då rakna vi litt i formasjonen. Vi hadde berre tre innbyttarar til denne kampen, og det er absolutt for lite. Etterkvart som vi vart meir og meir pressa, og meir og meir slitne, så miste vi litt av vilja, og Austevoll mata på. Måla rann desverre inn på slutten, og det vart unødvendig mange baklengs tilslutt. Dårleg lagmoral, ifølge trenar Kenneth. Det har han nok rett i.

Spente tilskodarar

Martin redda

Martin dirigera

Jon Helge kom diverre ikkje innpå i kampen. Han vurderar no overgong til ein klubb som verdset talenta.

Vartdal sitt mål derimot, er ei historie for seg sjølv. Kenneth måtte setje seg sjølv innpå tilslutt, og han gjekk rett fram på dødball og etter mykje diskusjonar, så har vi blitt einige om at det var han som var sist på ballen. -med vomba! Etter det tok han på seg skulda for to av baklengsmåla, so han går nok ut i minus! :)

Dommaren berre flira

Alt i alt så var det lærdom i å spele mot eit lag som var sopass mykje betre enn oss. Vi klarte ei stund å forsvare oss, og ufarleggjere Austevoll. Det er mykje positivt å ta med seg frå kampen, sjølv om dette kan høyrast litt rart ut etter å ha tapt med 8 mål. Under kampen så hadde vi eit mønsterangrep som Stian nesten klarte å putte i mål. Målet er nøyaktig slik som oppspelsvarianten vår skal være, og etter det angrepet kom Austevolltrenaren bort til benken vår og skrytte voldsomt. Etter kampen kom også nokre Austevollspelarar og sa at dei ikkje hadde sett eit 4. divisjonslag som spelte så bra før. Kenneth valgte å la være å nevne at vi eigentleg spelar i 5. divisjon. Men kjekt å få høyre slike ting, det tek vi med oss vidare!

(Før kampen idag, så fekk vi ei eiga bane å varme opp på. Jon Helge har allereide bestemt at det skal vi ha på Vartdal også.)

Mellom yktene idag så var vi på hotellet og slappa av. Nokre sola seg litt, medan dei fleste sat inne og såg stafetten frå Holmenkollen. Nokre var også ned på stranda og bada litt i Middelhavet, som held god norsk sumartemperatur.

Stafett. (Vidar e sure)

GULL til Norge!! (Vidar e sure)

Andre ykta idag var vel første ykta vi var omtrent fulltallige. Litt rart at folk plutseleg vert skadefri når Kenneth sa at dei som ikkje kunne trene fotball skulle trene styrke under ykta, samt ein time i helsestudioet på hotellet når vi kom tilbake. Det viser vel eigentleg at folk kjenner etter for mykje. Her må moralen opp, og smerteterskelen hevast!!
Det vart ei roleg ykt, der vi spelte firkant, samt hadde litt avslutningsøvelse. Dei som ikkje spelte kampen spelte litt lenger enn dei andre, samt keeper-Terje som ikkje fekk stå. (Han skal spele heile kampen mot Volda imorga). Etter det såg vi slutten på Volda-Austevoll, før vi prata litt om kampen og veka generelt.

Kenneth er godt nøgd med veka, og det er lita tvil i at vi har hatt eit kjempeutbytte av å være her. Ikkje minst sosialt. Vi er ein kjempegjeng som trivast godt i lag, og lagmoralen har blitt styrka etter denne veka. Det Kenneth ikkje er like fornøgd med er moralen når det kjem til å bite i seg litt smerte, og ofre litt. I tillegg ynskte han at dei som var skada var litt meir aktive når det kom til å trene alternativt når dei ikkje kunne trene fotball her nede. Han oppmoda også om at vi måtte oppretthalde det vi no har begynt på, og at vi må klare å være 18-19 mann på trening når vi kjem heimatt.

Når vi kom tilbake til hotellet så gjekk nokre i jacuzzien, nokre tok badstu, og gjekk i steam-bad. Etter ei lang treningsveke var det enkelte som også benytta seg av Spa-moglegheitene på hotellet: sportsmassasje, skumbad, peeling og gudane veit kva.
Etter middag gjekk det i quiz, poker, amerikanar, nokre surfa på nettet, og andre gjorde litt av alt. Imorga skal vi spele kamp mot Volda, og vi satsar på eit litt betre resultat enn idag.

Skumbad

Et eller anna so sikkert va deilig..

Ikkje lenger opp no...!

Kenneth og M-Travel Mette


Dagens Pete: F**n gutta. Ekje her en strippeklubb i nærheita??

Tilslutt litt bileter av den fantastiske maten vi har fått her nede:












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar