torsdag 3. mars 2011

Dag 4 -Shopping og champagne






Idag var det tidlig på`an og alle(nesten) var til frukost kl 07.45. Idag har vore varmaste dagen her nede, til tross for overskya på ettermiddagsykta.

På morgonen kjørte vi lett oppvarming, litt pasningsøvelse og tilslutt 3-lagsmodell. Det vart høg temperatur også idag på 3-lagsmodellen, og nivået vert høgare for kvar dag som går. Trenar Kenneth byrjar å bli fornøgde!

Vartdalfløya

Etter første ykta var det full fokus nok ein gong på å få brunfarge på kroppen. Gårsdagens sololje med faktor hadde gitt dårleg resultat, så ein stakar vart sendt over veien på butikk å kjøpe sololje utan faktor. Vi får sjå imorga korleis det resultatet vart :)

Sjefen kommanderer innsmørning

Badeløvene

Kl 13 idag, tok vi turen inn til eit bysentrum på marked. Her var det store forventningar, spesielt til Agnar som allereide hadde brukt halve løna si på ei sjappe rett utanfor hotellet. Han skuffa ikkje! Klede, krydder, solbriller, smykker, klokker -her hadde dei alt. Og alltid "special offer for you my friend". Mange var nye på dette med pruting, men spesielt Petter Ove var knallhard, og fekk eine kremmaren til å berre gå å setje seg. No deal. Etter 2 timar her, og mange nye vennar, så var vi klar for å reise tilbake på hotellet for ykt nr 2.

Forhandlingar...

Ivrige shopparar

Making friends

Supershoppar 1

Supershoppar 2

Ykt nr 2 skulle være ei "rolig" ykt, men det vart bra tempo her også. Litt teknikktrening, avslutningstrening og vi avslutta med litt spel på stor bane. Det er tydeleg at teknikken har betra seg betrakteleg sidan vi kom, og vi begynner å bli vennar med ballen. Før vi reiste hit hadde vi spelt 3 kampar, og hatt 2 økter med ball så det trengtes verkeleg. Tilslutt avslutta vi med konkurranse, om å gjere å treffe tverrliggjaren frå 20 meter. Kenneth Holsæker traff flest gongar, og sto att som vinnar. Premien: 1 Euro frå alle mann.

Spel
Spel

Spel

To sekund seinare ligg ballen i vinkelen


Spel

En Stian

Konkurranse. Hols konsentrera sej..

Seiersgliset. Tenke på alt han skal bruke 20 Euro på!

En blide mannj

Ellers idag har kyllingane vore med "heksedoktoren" igjen. Det endar som regel med at dei er sjukare etter dei kjem derifrå. Sitat Jon Helge: Hadde ho sagt til dei at foten deira va av, so hadde dei fåre rett heimatt å gipsa!
Teknikk

Teknikk

Teknikk

Imorga er det kamp mot Austevoll, eit 2. divisjonslag. Det kan bli tøff match, men vi håper vi kan bite frå oss og gi dei tøff matching. Vi skal iallefall gjere vårt beste.


Legg merke til mannen midt i bildet. Han tok sitt første returløp for Vartdal T&IL idag.
Gratulerer!!!!

Ellers må vi skryte litt ta ne Ann Kathrin. Igår etter trening sat ein av spelarane på rommet sitt, og hadde berre vrengt av seg treningskjorta. Ho gjekk rett inn på rommet uten å seie et ord, plukka skjorta, ein shorts, gjekk ut på altanen og plukka det ho fann der av skitnekle, og putta dei i kleskorga til vask. Det kallar vi service :)

AK


Dagens Pete: Ej blir ikkje brune, ej må være her ei veke til!!

(Ps. det er lett å tru at vi stort sett berre ligg rett ut og kosar oss. Det er ikkje heilt tilfelle. Det er bra intensitet og tøffe treningar. Kosthald og restitusjon har vi også fokus på -vi går ifrå å trene 3 ykter i veka til 12 på ei veke. Dette er hard belastning på kroppane våre, og det byrjar å slite på mange. Men vi trur at lesarane kosar seg vel så mykje med å lese litt om når vi har det kjekt istadenfor å gå i detalj på kva vi gjer på trening)

3 kommentarer:

  1. Steike artig å følgje bloggen dokka. Gler oss til dokke alle føle dokke brune nok til å ta ein "Rekdal"! :-). Skulle berre ynskt eg var 15 år yngre og kunna tatt aktivt del i moroa ! Lykke til mot Austevoll!

    SvarSlett
  2. No måkje dokke bekymre dokke sann for brunfargen gutta!!!! tenk litt på oss her heime...
    Men sei mej, det bilde av dokke på veg heim frå marknaden, hakje Geia noke nett i handa eller?? ej forventa en tyrkisk suvenir...:)
    kos dokke vidare...:både med fotballen,brunfargen, prutinga og kvarandre:) ho!

    SvarSlett
  3. Steike kor ej angra på at ek ikkje vart me... ja, ja...
    Men å lese bloggen her ei virkelig ei sannje gledje!!

    SvarSlett