tirsdag 1. mars 2011

Dag 2 -Fråfall




Tidlig opp idag, og det var ein prega gjeng som møtte til frukost kl 07.45. 2 økter dagen før merkast for ein gjeng som ikkje er vand med så mykje trening. Vi tok ei lett økt med litt formasjon og teknikktrening, samt litt angrep vs forsvar. Her kan det nemnast at angrepet var både 4 mot 3 og 4 mot 2, men forsvaret slapp inn berre 2 mål på ca 25 angrep. Straff: 100 situps til angrepet, som dei enda ikkje har tatt. -men det skal dei :)



Arve Sætre er med som keepertrenar her nede, noko Martin og Terje set stor pris på. Vi har sjeldan sett keeperane våre so sveitte, og dei har nok eit kjempeutbytte av å kjøre skikkelig keepertrening ei lita veke. Arve derimot er misfornøgde med oss utespelarane, og han ropar stadig: "Kenneth!! Ditte ekje trening for keeperane mine, dåkke treffe no søren ikkje mål!!" -Kjekt å ha ein som kan setje litt krav og som kan fyre opp stemninga litt. Vi vonar at i slutten av veka høyrer vi: "Kenneth, no må keeperane mine få pause, dei verte kanonerte frå alle kantar!!"


Terje


Martin

Tilbake på hotellet var det rett ut i sola. Alle mann jobbar heftig med brunfargen, men førebels ledar Vidar Johan, som har fått all fargen i panna. Sola varmar godt midt på dag, og til tross for ca 18 grader i skuggen, så er det ingen problem å slikke sol. Derimot er det lite bading, sidan vatnet er litt kaldt, og det innandørs symjebassenget ikkje fristar når det er så fint vèr ute. Rett over gata ligg nokre små butikkar, og enkelte har brukt mykje pengar der. Tyrkarane er sjølvsagt svært hjelpsomme, og har mykje "special offer for you my friend" :)


Leidulf he gjort et godt kjøp


Gode kompisa


Slappe gjeng


Slappe gjeng 2


Dagens andre økt var kl 16, og vi skulle eigentleg spele internkamp. Desverre er enkelte plaga med litt skadar og diverse, så det vart berre 7 mot 7 i 2x30 minutt. Etter det såg vi litt på Volda som slo eit Tyrkisk lag. Mykje slitne bein etter 2 dagar og 4 økter, men Kenneth har evig trua på at kuldebading av beina skal kurere all gongsperre. -vi andre er litt i tvil. Idag har fleire spelarar vore med healer/fysioterapeut, enkelt med bra resultat, andre med meir tvilsomme "diagnoser". Vi får sjå i slutten av veka om det har noko effekt. Her er også Tyrkisk Spa på hotellet, og dei mest femi av oss har sjølvsagt vore der og fått behandling.


Isak


Trenaren ser en anna vei..


Over...





Sleten gjeng


Alle er svært opptatt av Kenneth sitt skilje på låret. (Vidar latar som han ikkje er interessert)

Det er berre rett og rimeleg at "ekspertar" veit kva dei snakkar om. Sidan Kenneth nekta frivilleg, så tok spelargruppa affære. :)






No slappar vi av etter middagen, og vi skal ned i gata her og sjå Chelsea-Manchester United ikveld. Tippar dei fleste sovnar rimelig kjapt ikveld, men alle ser fram til nye økter imorga!

Dagens sitat: (Petter Ove etter å ikkje ha fått farge idag.)
"Imorga skakje ej bruke solkrem!!!!!"

1 kommentar:

  1. lene k.lødemel1. mars 2011 kl. 19:41

    kjekt å lese kor dokke he det.Trivelig gjeng:):)
    håpe dokke alle fe eit lite skilje når dokke kjem heim...veit iallefall om en som kjem t å drage opp armane for sjekke ken som e brunast når han kjem heim..
    kos dokke.

    Lene Kaspersen Lødemel

    SvarSlett