tirsdag 9. september 2014

Sæbø - Vartdal

Vartdal tok revansje for det forsmedelege tapet for Sæbø på Remen i vår, og slo Sæbø 6-1 på Sæbø stadion torsdag.

Det var Sæbø som kom best i gang i kampen då Terje Haugen Øye gav laget leiinga. Haugen Øye hadde fleire store sjansar, men Vartdal-målvakt Allan stod godt, og hindre fleire mål.

Rett før pause utlikna Aleksander for Vartdal, slik at det stod 1-1 til pause.

I andre omgang skapte begge sjansar lag, men då Vartdal ved Steffen gav Vartdal leiinga 2-1 på ein lobb, gjekk lufta ut av Sæbø-ballongen.

Vartdal auka til 3-1 ved Rolf-Audun etter at han vart spelt igjennom av Jostein.

Men Vartdal var ikkje ferdig med dette, og det rakna fullstendig for Sæbø. Morten Sætre la på til 4-1 då det stod att om lag ti minutt. Med fem minutt att vart det 5-1 ved Rolf-Audun, og like før slutt vart sluttresultatet fastsett til 6-1 ved Anders.

lage som starta mot Sæbø :
Allan, Thomas, Petter Ove, Frank, Arthur, Kenneth, Morten, Jostein, Steffen, Rolf-Audun

neste kamp er torsdag 11 september kl. 18.30 på remen mot Åram/Van.kam

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar