tirsdag 16. september 2014

Vartdal - Åram/Van.Kam

Åram/Van.Kam låg to poeng føre Vartdal på ein 4. plass i 5.divisjon før kampen.Vartdal er i form og leverte ein god kamp då Åram/Van.kam gjesta Remen på torsdag. vertane vann 3 - 0.

I 1.omgang køyrde vi kampen frå start til slutt, og spelte god fotball. Eit  kvarter ut i omgangen sendte Jostein vertane i føringa, og etter 27 minutt dobla Erling leiinga. Ti minutt ut i 2.omgang fastsette Rolf-Audun sluttresultatet til 3 - 0.
1.omgang var blant det beste vi har levert denne sesongen, og 2.omgang ver heilt grei.

Lage som starta mot Åram/Van.Kam
Allan, Thomas, Aleksander, Arthur, Frank, Kenneth, Erling, Anders, Jostein, Steffen, Rolf-Audun

Benk : Morten, Marius, Terje, Petter Ove

Neste kamp er onsdag 17 september kl.18.30 borte  mot Stordal .

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar