- Ikkje gå fram i angrep på dødballar, var ordren frå Vartdal-trenarane til midtstoppar Petter Ove.. To gonger trassa han ordren, og det gav to Vartdal-mål. Vartdal vann 2-0 mot Hovdebygda i lokaloppgjeret på Remen laurdag. Sætre hadde dei to målgjevande pasningane.

- He-he. Bli nede, for Hovdebygda er farlege på kontringane, sa Einar Arne, men eg tenkte at eg kunne bidra på dødballane. Difor gjekk eg fram, fortel Sætre etter kampen.
Og Einar Arne Roth, som trenar Vartdal saman med Bjarte Flåskjer, hadde ingen planar om å skjenne på Sætre for ordrenekten.

Vartdal visste at Hovdebygda var farlege på kontringar, og vi vurderte det slik at det berre var Petter Ove som kunne matche Kjetil Kalvatn på farta. No var det like greitt at Petter Ove gjekk fram, seier Roth.

Vartdal vann altså 2-0 over Hovdebygda laurdag. Begge måla kom i andre omgang.

Fyrste omgang var sjansefattig. Vartdal hadde ballen mest, men sleit med å kome til avslutningar. Hovdebygda verka baktunge, og hadde ein farleg sjanse fem minutt før pause då ballen vart nikka like over tverrliggjaren.
I andre omgang vart Vartdal farlegare. Fyrst burde laget hatt straffespark då Steffen vart felt innafor sekstenmeterstreken, men dommar Bjarte Steinsbu frå Brattvåg vurderte situasjonen til ikkje å vere noko regelbrot.
Etter 21 minutt vart det 1-0. Vartdal fekk innkast, og Petter Ove  kom fram. Innkastet hamna på hovudet til Petter Ove, og han nikka ballen bak i feltet. Der stod Kenneth, ein av dei minste på bana, og han nikka ballen i mål.

Etter dette hadde Vartdal kontroll. Steffen var nær skåring då han kom åleine igjennom, og etter tretti minutt vart det 2-0.
Vartdal fekk frispark, og igjen kom Petter Ove fram. Innlegget hamna hos Petter Ove, som vende og skaut ei pasning til Rolf-Audun. Han sette ballen i mål frå få meter. Det kan nok verte diskutert om det var ei pasning Petter Ove meinte å sende, eller om det var eit forsøk på skot på mål. Uansett – mål vart det.
I sluttminutta vart det litt frustrasjon hos Hovdebygda, og kaptein Skjalg Digernes vart utvist då han fekk sitt andre gule kort.
Vartdal-sigeren var fullt fortent, og det var også ein heil del publikum som følgde kampen som vart arrangert som ein del av Vartdalsstranddagane.