søndag 17. august 2014

Vartdal - Åmdal

Onsdag starta haustsesongen for Vartdal og Åmdal med lokaloppgjer på Remen. Vartdal og Åmdal var tabellnaboar etter vårsesongen, og berre eit poeng skilde laga etter elleve serierunder.

På Legene i første seriekamp i år vart det 5-0-siger til Vartdal, og heimelaget var ein liten favoritt på førehand. 

Det var Åmdal som var nærast skåring i starten av kampen, og allereie etter eitt minutt heade Kai Robin Myklebust i tverrliggjaren. Etter dette kom begge lag til halvsjansar, og kampen var jamn. Eit dårleg utspark etter 19 minutt gjekk rett i beina til Jostein som lobba Vartdal i føringa. Sigurd Nybø var nær utlikna for Åmdal før Jostein fekk to sjansar til å doble leiinga til Vartdal, utan å lukkast.1-0 var stilling til pause.

I andreomgang hadde Åmdal eit lite overtak i dei første ti minutta. Eit frispark frå Arthur etter ti minutt sette Petter Ove i mål, og 2-0 til vertane. Robert Steinnes vart spelt aleine gjennom eitt minutt seinare, men avslutninga gjekk utanfor. Heimelaget fekk eit mål korrekt annulert for offside etter 63 minutt. Tre minutt seinare vart eit Vartdal-hjørnespark klarert ut på tjue meter. Anders prøvde lykka, og sende Vartdal opp i ei 3-0-leiing. To minutt seinare kom Jostein seg til lina, spelte ut til Anders som sette inn sitt andre og Vartdal sitt fjerde for kvelden. Minuttet seinare banka Rolf-Audun inn 5-0 frå 25 meter, og fastsette resultatet.
Både Vartdal og Åmdal hadde sjansar til å skåre i andre halvdel av omgangen, men sluttresultatet vart 5-0.

Vartdal møter Vigra og Hovdebygda heime i dei to neste kampane.

Lage som starta mot Åmdal :
Allan, Thomas, Petter Ove, Aleksander, Frank, Arthur, Kristoffer, Jostein, Anders, Steffen, Rolf-Audun

Benytta innbyttera : Morten inn, Anders ut, Fredrik inn, Rolf-Audun ut.

Neste kamp er torsdag 21 august på Remne mot Vigra kl. 18.30

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar