søndag 3. august 2014

Sæbø-cupen 2014

Sæbøcupen.  Ein av dei lengstlevande cupane i den lokale seniorfotballen vert halde for 41. gong denne helga.
Alle seniorlaga frå Ørsta er med, og i tillegg Volda 90, eit lag samansett hovudsakleg av det legendariske juniorlaget til Volda som herja i aldersfastlagde klasser, men der spelarane no er spreidde kring om i landet - og ikkje alle er aktive lenger. Volda-laget var eigentleg påmeld som Volda 90, fordi dei fleste spelarane spelte saman i aldersfastlagde klasser for spelarar fødde i 1990. Men laget hadde fleire andre spelarar med, og søndag var det til saman seks spelarar frå A-laget med i troppa.

Fredag vart puljespelet halde. I den eine pulja spelte Hovdebygda, Sæbø og Åmdal. Det vart ei jamn pulje, der alle laga fekk tre poeng, og Hovdebygda og Sæbø gjekk vidare på målskilnad. I den andre pulja var det Vartdal, Ørsta og Volda 90.

Her vart resultata slik:

Sæbø – Åmdal 2-4
Hovdebygda – Åmdal 3-0
Sæbø – Hovdebygda 3-1


Ørsta - Vartdal    4-1
Volda 90 – Ørsta   1-0
Vartdal - Volda 90   1-0


Laurdag :

Semifinalane :
Hovdebygda - Volda 90  1 - 1
Ørsta - Sæbø  1 - 3

Kampen om 5 og 6 plass :
Vartdal - Åmdal    2 - 1

Bronsefinalen :
Hovdebygda - Ørsta 2 - 5
Finale :
Sæbø - Volda 90  0 - 3

Ørsta tok tredjeplassen i turneringa etter å ha slått Hovdebygda 5-2 i bronsefinalen. I kampen om femteplassen vann Vartdal 2-1 over Åmdal.
Etter kampane fredag var det klart at Hovdebygda møtte Volda i semifinalen. Det vart ein jamn kamp, der det stod 1-1 etter ordinær tid. Dermed vart det straffesparkkonkurranse, og Volda vann 5-4.


Dermed var det klart for finale mellom Sæbø og Volda. Den kampen vart aldri spennande, for Volda var klart best framfor mål. Bjørnar Bakke Liaskar gav Volda leiinga 1-0 i fyrste omgang, før spisstalentet Stian Finnøy avgjorde med to skåringar i andre omgang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar