onsdag 14. august 2013

Vartdal - Sunnylven/Stranda2

Vartdal fekk ein draumestart på haustsesongen.


Sunnylven/Stranda2 vart slått 7–3 på Remen tysdag, og dei tre fyrste Vartdal-måla kom før det var spelt sju minutt!


Motstandar Sunnylven/Stranda2 tok avspark, og hissige Vartdal-spelarar greidde å bryte etter 1 minutt stod det 1 - 0 Jarl.  Det enda med frispark til Vartdal etter 2 minutt, og frisparket tok Marius. Ballen gjekk mot mål, og Jarl og Sunnylven-målvakta duellerte. Ingen trefte ballen, og dermed gjekk han i mål.
Sunnylven tok eit nytt avspark, og igjen braut Vartdal. Ballen kom til slutt til Geir Arne. Han skaut frå sytten meter, og det knallharde skotet gjekk inn ved stolpen heilt oppe i krysset 3 - 0.
Etter nitten minutt vart det 4–0. Rolf-Audun vart spelt igjennom, og han skåra sikkert.
Vartdal heldt fram med å produsere sjansar, men spelet bølgja meir fram og tilbake. Sunnylven/Stranda2 sin gode spiss, Alf Ole Sundgot, fekk sjansen, og han reduserte for gjestene.



Det var 5–1 til pause, og i pausen rosa trenar Kenneth spelarane sine.

60 minutt ut i andre omgang reduserte Alf Ole Sundgot til 2–6. Rett etter på reduserte Sunnylven/Stranda2 til 3 - 6.
Like etter på Skåra Geir Arne sitt tredje mål før dagen 6 - 3. Innbytar Jostein Bjørlykhaug auka til 7 -3.










Lage som starta mot Sunnylven/Stranda2 :
Thomas, Thomas, Marius, Petter Ove, Frank R, Kenneth, Geir Arne, Steffen, Dan Andre, Rolf-Audun, Jarl
Benytta innbyttera : Jostein, Vidar Johan
Benk : Terje

Neste kamp er torsdag 22. august på Remen mot Ravn kl.18.30

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar