fredag 23. august 2013

Vartdal - Ravn

Vartdal vann 3–0 over Ravn på Remen torsdag. Dermed er laget for fullt med i opprykksstriden.


Det vart ein litt merkeleg kamp mot Ravn. I fyrste omgang verka det som om den plutselege sommarvarmen spelte inn. Vartdal-spelarane greidde ikkje å få opp aggressiviteten.
Likevel tok Vartdal leiinga etter 12 minutt. Geir Arne vann ballen sentralt på bana, og kippa ballen til Rolf-Audun som skar inn frå sida. Han sette fart mot mål, og skåra sikkert.
Utover i omgangen hadde Vartdal sjansar, men det vart likevel noko uforløyst over spelet. 1–0 heldt seg til pause.





I andre omgang var Vartdal friskare, og dominerte banespelet. Likevel gjekk det tid før det vart ei ny skåring.
I det 80. minuttet var Rolf-Audun  på farta igjen, og han auka leiinga til 2–0.
Då vart det gjort fleire byte på Vartdal-laget, og inn kom m.a. Jostein Bjørlykhaug. Syttenåringen var frisk, og han vart også felt i straffefeltet.
Det vart dømt straffespark, og dette sette Rolf-Audun i mål. Han skåra dermed sitt tredje mål for dagen.




Ravn var eit fysisk lag, og vi veit at slik er det også med Vigra. Difor ventar vi oss enno ein tøff kamp.

Lage som starta mot Ravn :

Thomas, Marius, Arthur, Petter Ove, Frank, Geir Arne, Jarl, Dan Andre, Rolf-Audun, Frank

Benytta inbyttera : Steffen, Erling, Jostein, Thomas, Vidar Johan

No ser han fram til neste kamp, som er heime mot Vigra onsdag 28 august kl. 18.30

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar