fredag 7. september 2012

Vartdal - Emblem


Med siger mot Emblem torsdag ville Vartdal klatre enno nærmare topplaga i femte divisjon. Vartdal var det beste laget på heimebane, men eit straffespark på overtid gjorde at det vart uavgjort 2–2.



Toppkampen mellom Vartdal og Emblem på Remen var viktig for begge lag. Med heimesiger ville Vartdal vere tre poeng bak Emblem med ein kamp mindre spelt. Bortesiger ville gjort det svært vanskeleg for Vartdal å ta igjen Emblem då det ville vere ni poeng mellom laga.

Heimelaget starta best i det friske vêret på Vartdal, og prøvde å leggje trykk på Emblem frå start av. Dette fungerte i dei første minutta, men så jamna kampen seg ut. Sju minutt ut i omgangen kom Tom Erik Olsbø seg gjennom på venstresida. Målvakt Martin fekk redda, men ballen vart liggjande og på forsøk nummer to sendte Olsbø Emblem i føringa. Etter leiarmålet vart det mykje spel på midtbana for begge lag, og det vart ikkje skapt dei store sjansane.

Etter 33 minutt var Emblem nær ved å auke leiinga, men Martin fekk rydda opp. Minuttet seinare vart Dan Andre spelt gjennom på venstresida. Med ein elegant lobb over ein utrusande målvakt gjekk ballen i stolpen og inn, og laga var like langt. Etter 41 minutt pressa Vartdal. Rolf-Audun fekk avslutta på volley, men målvakt fekk ballen ut til hjørnespark. Minuttet seinare hadde Emblem ein stor dobbeltsjanse, men Erlend Larsen sette ballen i ein Vartdal-spelar. Dermed ebba omgangen ut på stilling 1-1, noko som var rettferdig etter spel og sjansar.

I andre omgang fekk Vartdal pasningsspelet til å sitje betre, og utover i omgangen fekk dei større rom og betre tid med ballen. Etter 53 minutt slo Tony eit hjørnespark. Ein Vartdal-spelar fekk avslutta, men Emblem redda på streken. Seks minutt seinare spelte Arthur flott fri Pål på venstresida. Han skar inn, men målvakta fekk ei hand på ballen. Etter 70 minutt varta Vartdal opp med glimrande angrepsspel på høgresida. Innlegget nådde Frank G som stod umarkert på fem meter, men ei dårleg avslutning gav ikkje teljande resultat. Nokre minutt seinare var Vetle nær skåring, men avslutninga gjekk over mål. Då det var spelt 80 minutt fekk Vartdal frispark inne på Emblem sin banehalvdel. I feltet vart Frank G riven ned, og straffespark til Vartdal. Tony var sikker frå straffemerket, og sendte Vartdal opp i ei fortent leiing.

Etter leiarmålet jaga Emblem ei redusering, og sendte mange spelarar i angrep. Med nokre minutt igjen av ordinær tid fekk Frank R avklara på streken, og like etterpå var Emblem nære igjen. Det vart lagt til ein del minutt på Remen, og nærare tre minutt på overtid fekk bortelaget straffespark. Olsbø skåra sitt andre for dagen frå straffemerket, og kampen ebba ut på stillinga 2–2. Etter sjansar og spel i andre omgang hadde Vartdal fortent å ta med seg tre poeng.







Lage som starta mot Emblem :
Martin, Arthur, Petter Ove, Are, Frank, Vetle, Anders, Marius, Tony, Rolf-Audun, Dan Andre
Bennytta innbyttera : Frank, Pål, Aleksander, Kenneth
Benk : Vidar Johan, Steffen, Terje

Neste kamp er onsdag 12 september mot Vigra på Rota Stadion kl. 18.00

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar