søndag 23. september 2012

Åheim - Vartdal

 





Vartdal var store favoritt, sjølv om bortelaget mangla nokon spelarar.


Det var og bortelaget som skapte det som var av sjansar i haustsola, men det ville seg ikkje framfor mål. Heller ikkje då Vartdal fekk straffespark vart det mål. Som ofte i fotballen utnyttar motstandarane seg av sjansesløseri, og Åheim gjekk til pause med 1–0 leiing.

I andre omgang gjorde Vartdal nokon bytter, og Geir Arne utlikna ti minutt ut i omgangen. Med eit kvarter igjen av kampen fekk Åheim sitt andre raude kort for dagen, og Geir Arne sette frisparket vakkert i mål. Åheim fekk også eit straffespark som Martin Liaskar redda på meisterleg vis.
Dermed kunne Vartdal feire tre poeng, og ein heng framleis med i kampen om opprykk til fjerde divisjon.



Lage som starta mot Åheim : Martin, Frank, Arthur, Are, Marius, Vetle, Pål, Steffen, Anders,Tony, Aleksander
Benytta innbyttera : Geir Arne, Vidar Johan, Jarl
Benk : Frank

Neste kamp er søndag 30 september mot Bergsøy 2 på Remen kl. 15.00. Dette er siste heimekamp i 2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar