torsdag 13. september 2012

Vigra - Vartdal

Ei våt og tung grasbana gjorde at det vart vanskeleg med finspel mellom Vigra og Vartdal torsdag. Heimelaget hadde ei 4–1-leiing, men Vartdal kom tilbake og sikra seg eitt viktig poeng i 4–4 kampen.


Dei tunge tilhøva på Rota gras var det heimelaget som beherska best i første omgang. Vigra tok føringa på eit straffespark, auka litt seinare og kunne gå til pause med ei 2–0 leiing.– Vi prøvde å spele fotball, og fekk brot på brot imot oss. Vigra slo lang opp i feltet gjennom heile kampen. Kontinuerleg hadde dei 5–6 mann bak ballen, og tre duellsterke spelarar som kriga i feltet.


Sju minutt inn i andre omgang er Vigra frampå igjen, og aukar til 3–0. Pål reduserte for Vartdal litt seinare, og bortelaget såg sjansen for å hente noko ut av kampen. Før Vartdal før gjort noko taktisk er Vigra frampå igjen og sette inn 4–1 målet.
Vi finn ut av at vi må gamble etter at vi får reduseringa, men får eit mål rett imot. Så gjer vi konsekvent tre bytter, legg om til tre mann bak og får på ein ekstra spiss. I ein 3-5-2 formasjon med to raske på vingane får vi flyten tilbake. Dan Andre, Aleksander og Kenneth kjem på bana og gjer ein god jobb for Vartdal.


Aleksander markerte seg raskt og sette inn 2–4 målet. Ikkje lenge etterpå var Pål frampå og sette inn sitt andre for dagen. Rolf-Audun ordna utlikning på tampen av kampen, og Vigra var på defensiven.
– Dei trekte ned spissane sine, og vi skapte fleire store sjansar. Rolf-Audun avslutta rett på målvakt, Vetle hadde ei avslutning i stolpen, Arthur avslutta rett utanfor og Vigra fekk ei redning på strek. Vi kunne lett ha vunne kampen på tampen, men det hadde kanskje ikkje vore eit rettferdig resultat då vi var dårlege i 60 minutt.


Lage som starta mot Vigra :
Martin, Marius, Arthur, Are, Frank, Vetle, Anders. Pål, Tony, Rolf-Audun, Frank
Benytta innbyttera : Aleksander, Dan Andre, Steffen, Kenneth
Benk : Vidar Johan, Terje

Vartdal mangla fleire spelarar til kampen mot Vigra.

Neste kamp er laurdag 22 september kl. 14.00 borte mot Åheim på Åheim stadion.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar