torsdag 30. august 2012

Hovdebygda/Volda 2 - Vartdal

Åtte mål, to sjølvmål, straffespark, harde taklingar og tøffe duellar var resultatet då ein oppsummerte lokaloppgjeret mellom Hovdebygda/Volda 2 og Vartdal.

                                                       Vetle og Tony
Både Hovdebygda/Volda 2 og Vartdal trengde ein siger torsdag kveld. Heimelag hadde ikkje vunne ein seriekamp sidan slutten av mai, og Vartdal trengde full pott for å henge med Emblem og Stordal i kampen om opprykk.

Kampen opna jamt og i starten vart det mykje spel og kriging rundt midtbana. Etter ti minutt fyrte Vetle  av frå tjue meter, og skotet gjekk via stolpen og inn. 1–0 til Vartdal.
Fem minutt seinare var Tony nær ved å auke leiinga, men ballen gjekk i tverrliggjaren. Nokre minutt seinare spelte Vartdal flott angrepsfotball, og Frank kom seg fri på venstresida. Han slo hardt inn på første stolpe, og innlegget gjekk via ein forsvarar og i mål.

Heimelaget produserte halvsjansar i første del av omgangen, men klarte ikkje å sette Vartdal-målvakt Martin på dei store prøvene før det var gått 35 minutt. Jonathan Jacobsen vart spelt gjennom og avslutta i Martin. Returen frå Martin gjekk i beina på Jacobsen og i mål.
Heimelaget fekk eit lite overtak i kampen etter redusering, og med eitt minutt igjen av kampen fekk dei frispark frå 25 meter. Bjørnar Holen plasserte frisparket nede i hjørnet, og sjølv om Martin fekk fingrane på ballen trilla den over lina.

Etter pausen var det heimelaget som skapte dei største sjansane. Aleksander Berget var nær ved å sende Hovdebygda/Volda 2 i føringa to gonger, men det vart ikkje utteljing. Åtte minutt ut i andre omgang kontra Vartdal, og fekk straffespark etter hands i feltet. Tony var sikker frå straffemerket. Vetle var nær ved å auke leiinga nokre minutt seinare, og Vartdal fekk også eit mål annullert for offside eit kvarter ut i omgangen.

Då det var spelt 70 minutt kom Jo Martin Åsen seg fri på høgrekanten, og i feltet venta Jacobsen som utlikna til 3–3. Bortelaget gjekk rett i angrep etter avsparket, og fekk frispark på hjørnet av sekstenmeteren. Nykommar Pål vann hovudduellen, og Tony sklei inn sitt andre mål for dagen. Heimelaget jakta nok ein gang utlikninga, men klarte ikkje å produsere dei store sjansane. Med ni minutt igjen av kampen slo Vetle hardt inn, og nok ein gang gjekk ballen via ein forsvarsspelar og i mål. 5–3 til Vartdal og kampen var avgjort.


Lage som starta mot Hovdebygda/Volda 2:
Martin, Marius, Frank, Aleksander, Are, Geir Arne, Vetle, Dan Andre, Rolf-Audun, Tony, Frank
Benytta innbyttera : Petter Ove, Pål, Steffen, Jostein
Benk : Vidar Johan

Då vil vi ønske Pål R. Nilsen og Kristian Fredheim velkommen til Vartdal a-lag. Lykke til :)



Neste kamp er torsdag 6 september kl. 18.30 på Remen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar