torsdag 23. august 2012

Vartdal - Hasungodt

Vartdal opna haustsesongen med siger
Petter Ove, Steffen, Tony scora før Vartdal + ein Hasundgot spelar

Vartdal var favorittar då Hasundgot gjesta Remen. Bortelaget ligg nest sist på tabellen, men Vartdal jakta på topplaga Stordal og Emblem. Difor var det viktig for Vartdal sin del at det vart tre poeng.



Heimelage opna kampen best, og hadde kontroll på Hasundgot. Heimelaget tok også føringa i kampen. Rolf-Audun spelte flott gjennom til Are som drog av ein forsvarsspelar, og sendte av garde eit skot. Skotet gjekk via ein Hasundgot-spelar og i mål, og 1 - 0 til Vartdal. Tony ordna 2 - 0 leiing til Vartdal litt seinare i omgangen, og dette var også resultatet til pause.

I andre omgang fekk heimelage heva spelet sitt litt, og leverte eit vakkert angrep før dei auka leiinga. Petter Ove braut spelet på eigen sekstenmete, og spelte fri Marius på høgresida. Marius avanserte langs sida før han slo ballen inn i feltet. Der venta Petter Ove på bakerste stolpe, og etter eit løp på 80 meter sndte han Vartdal opp i ein 3 - 0 leiing. Litt seinare auka innbytar Steffen til 4 -0, og sigeren var sikra for Vartdal sin del.


Lage som starta mot Hasungodt :
Martin, Marius, Petter Ove, Arthur, Are, Anders, Vetle, Rolf-Audun, Dan Andre, Tony, Frank
Benytta innbyttera : Geir Arne, Steffen, Leidulf, Aleksander, Vidar Johan, Jostein, Terje

Vartdal har ein kamp mindre spelt enn Emblem og Stordal. Det er seks og ni poeng opp til desse slik tabellen er i dag. Eit pluss for Vartdal er at Stordal spelte 1 - 1 borte mot Vigra onsdag.

Neste kamp er lokaloppgjer mot Hovdebygda/Volda 2 torsdag 30 august kl. 18.30 i Hovdebygda.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar