lørdag 18. august 2012

Haustsesongen

Trua i spelargruppa på opprykk til fjerde divisjon er framleis sterk.



Vartdal har dei siste åra hatt ein veldig god heimestatistikk, og målet før sesongen var at statistikken skulle halde. I dei to siste heimekampane før sommarferien vart det tap for serieleiar Stordal og Herd 2, og med ein kamp mindre spelt er det seks poeng opp til Emblem på opprykksplass.


Sommaren har vore heilt ok for oss. Det har vore bra med folk på treningar no i August.

Toppskårar Nils Petter er den einaste spelar som er vekk frå stallen til Vartdal. Aleksander er tilbake igjen etter nokre år i Bergen.

Vartdal har spelt to treningskamper i sommar i tillegg til Sæbø cupen.

Volda - Vartdal  6 - 0
Vartdal - Sæbø   9 - 1

Torsdag 23 august sparkar Vartdal haustsesongen i gang mot Hasundgot på Remen kl. 18.30.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar