mandag 2. april 2012

Palmesøndag

Opp i ukristelig tid på sjølvaste palmesøndag. Men her er det no stort sett muslimar.
Fotballtennis på trening var passeleg for sletne bein. Kyllingane vann.





Soling, badstu og eting.





Dagane går litt i eitt. Godt å høyre at det nermar seg halvmeteren med snøv heime.
På kvelden var det igjen tid for underhaldning.


TINGJAKT!

På kvelden av dag 4 var det atter ein gong tid for felles underholdning for Vartdal-gjengen her på Club Grand Aqua. Denne gongen var det sjølve kremen som skulle arrangere (draktnummer 9-17), og aktiviteten vi valde var sjølvsagt tingjakt. Kort fortalt, dreiar dette seg om at vi delte inn i fem lag, der laga skulle sende par eller trioar ut å jakte på ting som stod i oppgåvene dei trakk. Oppgåvene var delte i kategoriar for eitt, tre eller fem poeng, avhengig av vanskegrad. Så snart tingen var skaffa til veges og vart vist fram til juryen, kunne laget sende ut neste par eller trio.



Dei fleste laga var tøffe i trynet og gjekk rett for fempoengarane, noko som i ein den tilfelle skulle vise seg som ein taktisk bommert. Den største av alle var det vårt taktiske overhode, trenar Kenneth som stod for, då han opna med oppgåva med å skaffe ei bowlingkule. Bowling fins ikkje her på hotellet, men derimot på nabohotellet. Der vart det drama.
Nokre få starta rolig med lettare oppgåver. Mellom dei tinga som skulle hentast for eitt poeng var til dømes, kaffipulver, sigarettsneip, vassflaske og ei dyne. Litt værre var det for tre poeng, der ein kune trekke hente-oppgåver som til dømes ei gardin, ein Volda-spelar eller ein tyrkar.



Likevel var det naturligvis fempoengarane som laga mest show. I den bunken låg hente-oppgåver som til dømes, ei blondine, ein liter sjøvatn (stranda er ein god kilometer unna), ein tampong, Viagra, ein sports-BH eller rett og slett eit overtrekksplagg for damelaget til KIL/ Hemne.




I regelverket stod det klart og tydeleg at her skulle ingenting stelast og ingen truast. Vartdal-gjengen måtte leite fram sjarmen for å løyse ein del av desse utfordringane!

Arrangøren hadde mellom anna laga ei lita spesialoppgåve (5 poeng), som gjekk ut på å hente ei merka flaske som låg og flaut midt i bassenget. Det var sjølvsagt trenar Kenneth som trakk denne også. Sidan han ikkje tåler vatn, drog han opp lommeboka og prøvde å bestikke ein tilfeldig forbipasserande gutfante til å legge på svøm...




Det heile resulterte i ein del artige situasjonar. Denne samme Nydahl hadde eit svare leven med bowlingkula. Vaktene på grannehotellet var tett på å legge han i jern, før han etter eit saftig depositum fekk låne ei kule, og ei uniformert vakt følgde han heilt oppatt til oss andre for å sjå til at den vart levert tilbake. Keeper-Terje fekk i oppgåve å skaffe ein giftering, og kom like godt dragande med ei tysk frue på rundt 70 som hadde ringen på seg. Oppgåva med å skaffe til veges ei blondine vart løyst overraskande raskt, og same blondina dukka faktisk opp en gong til då det skulle skaffast ein øyredobb. Vi skal ikkje nevne navn på sjarmøren som løyste dette oppdrage med stil, men kan hinte om at vedkomande har einsifra draktnummer, ofte er å finne på høgre flanke, og scora ganske bra med seriemål i fjor...
Marius skal også ha kreditt for eit par godt utførte oppdrag. Han sette ny lagrekord på 3000 når han sprang til stranda etter sjøvatn (som jurymedlem Anders sjølvsagt måtte prøvesmake før det vart godkjent). Terje ordna så ein gjennomsvett sports-BH etter å ha overbevist eigaren om å ta han med på romet sitt for å hente den. Då jenta påpeika at plagget ikkje var heilt reint, responderte vår unge helt med den udødelige frasa "Det gir ej no faen i!"
Publikum, altså andre gjester og dei ansette på hotellet, vart til dels ufrivillig deltakarar i galskapen, men alle tok det heile med godt og sporty humør. Rett nok vart eine kelneren litt mygla når Are og Tony kom dragandes på ei solseng inn på konferanseromet, men dette var eit unnatak.




Lag 5, med Rolf, Isak, Terje og Stian stakk av med sigeren. Premien er at laget på sisteplass (Are, Tony, Nydahl og Jon Olav) må opptre som kelnerar for vinnarane på middagen neste kveld.
Detta var gøyt!



Til slutt eit par sitat frå "kampens hete":

"Close your eyes for two seconds." -Nydahl som prøver å overbevise personalet på bowlingen om å få tjuvlåne ei kule.

"Kommen Sie hier!" -Terje til ho tyske frua på 70 som var i besittelse av den gifteringen han var sendt for å finne.

"Mamma! Ej blir med han mannen her og tjena mej noken penga." 12-åringen som Nydahl prøvde å bestikke til å hente vassflaska som flaut midt i bassenget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar