søndag 19. oktober 2014

Vartdal - Ravn

Det var vill jubel etter kampslutt på Remen på Vartdal etter kampslutt laurdag. Vartdal slo Ravn 8-0 i den siste kampen for sesongen, og opprykket til 4. divisjon er eit faktum.

Spelarane samla seg og tok bølgen for publikum, som svarte med ståande applaus.
Og aller bakarst sat Annlaug og Peter Vartdal. Sjefssupportarane til Vartdal hadde teke med seg norske flagg, og jubla for opprykket.


Det vart aldri spenning om Vartdal skulle klare opprykket. Før kampen var oppskrifta grei: Medf siger ville opprykket vere klart.
Og då det stod 3-0 til Vartdal etter tjue minutt, var spenninga ute av kampen. Petter Ove og Rolf-Audun (2) ordna den solide leiinga.



Etter 28 minutt vart det 4-0 ved Erling, og det var også pauseresultatet.
Vartdal gjekk tidleg opp til 5-0 ved Rolf-Audun i andre omgang, og Erling skåra 6-0 etter tretten minutt.
Etter dette dovna kampen, men mot slutten auka Vartdal tempoet, og produserte eit hav med sjansar. Til slutt ordna Fredrik 7-0 eitt minutt før slutt, og målvakt Håvard laga 8-0 på straffespark i kampens siste sekund.
Dette er berre velstand. Før kampen var vi kanskje litt nervøse, men visste at karane var klare for oppgåva. Vi såg på oppvarminga at karane var på gong.



Lage som starta mot Ravn :
Allan, Thomas, Petter Ove, Aleksander, Frank, Arthur, Kenneth, Jostein, Anders, Erling, Rolf-Audun
Benytta inbyttera : Steffen for Erling, Morten for Anders, Fredrik for Jostein, Allan for Håvard, Erling for Rolf-Audun
Mangla : Kristoffer, Marius

Då vil Vartdal takke alle som har vore på heime og borte kampane å heia på oss.
Takke dei andre klubbane i 5.divisjon for samarbeide i 2014.
Takk til dommarane som har vore på Remen.
Neste år er vi klar for 4.divisjon :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar