Med siger heime mot MSIL laurdag kunne tredjeplasserte Vartdal ta inn på Stordal om dei avgav poeng mot Sæbø.
Heimelaget sleit med å få spelet til å sitte i dei første 45 minutta. I første halvdel av omgangen hadde vertane eit lite initiativ, men offensivt vart det halvsjansar og ein del upresise pasningar. MSIL kom meir med utover i omgangen, men klarte ikkje å spele seg til dei store sjansane dei heller. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 0-0.

I 2. omgang losna det for Vartdal etter seks minutt. Steffen vart spelt fri på venstresida, og utfordra MSIL-forsvaret. Etter litt kluss i feltet hamna ballen i beina på Rolf-Audun på 10 meter, og han sendte Vartdal i føringa. Etter skåringa måtte MSIL litt høgare i bana, og dette gav meir rom til angrepsspelarane til Vartdal. Presisjonen og presset betre seg også, og Vartdal køyrde kampen. Midtvegs i omgangen vart Vartdal spelte gjennom. Spissen vart tatt av MSIL-målvakta, og eit klart straffespark til heimelaget. Erling  var trygg frå straffemerket, og 2-0 til Vartdal. Mykje pasningsrot frå gjestene etter godt Vartdal-press gav fleire overgangsmoglegheiter utover i omgangen, men det vart ikkje fleire skåringar. Nærast var Steffen då han avslutta i tverrliggjaren via eit MSIL-hovud frå 16 meter. Vartdal-spelarane kunne dermed juble då dommar Oddbjørn Aam blåste av kampen.

Etter 19 kampar ligg Vartdal fem poeng bak Stordal. Vartdal møter Ørskog borte, Hasundgot borte og Ravn heime i dei tre siste seriekampane. Stordal har ei tøffare avslutning på sesongen. Alle dei tre siste kampane skal spelast på bortebane og motstandarar er Hovdebygda, Åmdal og Åram/VanKam.








Lage som starta mot MSIL :
Allan, Thomas, Aleksander, Petter Ove, Frank, Kristoffer, Arthur, Jostein, Anders, Steffen, Rolf-Audun

Benytta innbyttera : Erling for Kristoffer, Morten for Jostein, Terje for Petter Ove, Fredrik for Steffen

Benk : Håvard
Magla : Kenneth, Marius

Neste kamp er laurdag 11 oktober borte mot Ørskog kl. 14.00