tirsdag 14. oktober 2014

Ørskog - Vartdal


Vartdal var favorittar borte mot Ørskog som mest truleg spelar i 6.divisjon komande sesong.
Vartdal leverte ikkje sin beste kamp for sesongen, men vann 6 - 2 over Ørskog laurdag.


Rolf-Audun sendte gjestene i føringa etter eit kvarter, og då det var spelt ein halvtime dobla Rolf-Audun leiinga. Ørskog reduserte like før pause, og stillingen var 2 - 1 til pause.


Den første halvtimen av 2. omgang vart mållaus før Rolf-Audun sette inn sitt tredje mål for dagen. Kenneth sette inn 4 -1 fem minutt seinare før Ørskog reduserte til 4 - 2.


To skåringar av Erling på tampen av kampen sikra Vartdal 6 - 2 siger.

Sidan Åmdal slo Stordal er avstanden ned til Vartdal berre to poeng, og Vartdal har ein kamp mindre spelt. Om Vartdal vinn sine to siste kampar mot Hasundgot borte onsdag og Ravn heime laurdag er laget klar for 4.divisjon.




Til kampen mot Ørskog hadde fleire Vartdalingar teke turen. Æressupporter Peter Vartdal og kona Annlaug hadde leigd seg minibuss slik dei fekk med seg kampen mot Ørskog.
Peter har vore Vartdalsupporter gjennom heile sitt livv, og han er på plass på kvar heimekamp på Remen.
Ifølger rykta vil dei ta turen til Hasundgot onsdag.






Lage som starta mot Ørskog :
Allan, Marius, Petter Ove, Aleksander, Frank, Arthur, Kenneth, Jostein, Anders, Erlig, Rolf-Audun

Benytta innbyttera : Morten for Anders, Fredrik for Jostein, Thomas for Petter Ove.
Benk : Håvard, Terje
Mangla : Steffen, Kristoffer

Neste kamp er onsdag 15. oktober borte mot Hasundgot kl. 19.00

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar